Sel gamle skular

Kommunestyret har vedteke å selja gamle Glesnes skule, Telavåg skule, Algrøy skule og Sund skule (gymnastikksalen) til dei lokale grendelaga for eí krone. Dette var ei av 17 saker på kommunestyremøtet på torsdag.

Frå drøfting i ein av pausane - Klikk for stort bileteFrå drøfting i ein av pausane

Dersom grendelaga ikkje godtek avtalane om overføring, skal eigedomane koma tilbake som ei eiga sak til politisk behandling innan utgangen av hausten 2026. Alle avtalar skal vera likelydande.

Arbeidarpartiet føreslo å be kommunedirektøren om å, der forholda elles ligg til rette for det, gå i dialog også med andre bygdelag om overtaking av kommunale bygg, etter tilsvarande rammevilkår som følgjer av vedtaket i kommunestyret i denne saka. Forslaget fekk 10 røyster (Ap, SV og Raudt) og fall.

Kommunedirektøren skriv i saka at ved å overføra eigedomane til grendelaga for ein symbolsk kjøpesum på kr 1 kan ein styrkja lokalsamfunna ved å leggja til rette for lokalt eigarskap, engasjement og frivillig innsats. Ei slik løysing kan bidra til å sikra vidare bruk og aktivitet i bygga, tilpassa lokale behov. Samstundes kan kommunen redusera framtidige kostnader til drift og vedlikehald.

Endrar skjenketida under fotball-VM

Med 24 mot 17 røyster vedtok kommunestyret å endra skjenketida i kommunen i samsvar med Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag om mellombels endring av alkohollova sine føresegner om maksimaltid for skjenking under fotball-VM for herrar 2026. Det vert teke atterhald om eit positivt vedtak i Stortinget. 

Skjenketida vert utvida frå klokka 02.00 til kl. 06.00 for skjenkestadar som viser direktesende kampar for gjestene sine under fotball-VM for herrar 2026. Dette gjeld for alkoholgruppe 1 og 2 (frå 2,5 til 21 volumprosent alkohol). Den mellombels endringa gjeld frå 11. juni til 19. juli.

Mindretalet røysta for at det ikkje vert gjeve mellombels unnatak frå skjenketida i samband med fotball-VM i juni og juli 2026. 

På kvar si side i skjenkedebatten. Ingvill Kvalsnes Blom (KrF) ville ikkje gje mellombels unntak frå skjenketida i samband med fotball-VM. Stian Oen (Ap) røysta for å endra skjenketida mellombels under fotball-VM.

Opnar ikkje basseng

Det vart vedteke at bassenget ved Fjell ungdomsskule ikkje vert opna. Det vert lagt til grunn at behovet for lovpålagt symjeopplæring vert ivareteke gjennom eksisterande bassengkapasitet ved Stranda, Ågotnes og Hjeltefjorden. 

Arbeidarpartiet føreslo eit tilleggspunkt om at administrasjonen skulle sjå på moglegheita om bassenget på Ulveset kan brukast for framtidig symjeopplæring for både Straume og Ulveset. Dette fekk 11 røyster (Ap, SV, Sp, Raudt og INP) og dermed ikkje fleirtal. Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF  og Pensjonistpartiet røysta imot.

I saka skriv kommunedirektøren at gjennomgangen viser vidare at bassenget ved Fjell ungdomsskule har eit omfattande oppgraderingsbehov og har nådd sin tekniske levealder. Ei opning av bassenget krev betydelege investeringar og vil medføra årlege driftskostnader utover det som er sett av i driftsbudsjettet. 

Silje Ulveseth (Ap) føreslo at administrasjonen skulle sjå på moglegheita om bassenget på Ulveset kan brukast for framtidig symjeopplæring for både Straume og Ulveset. Forslaget fekk ikkje fleirtal.

Ber om sak om å  justera budsjettet

Kommunestyret tok kvartalsrapporten for 1. kvartal 2026 (pr. 31. mars) til etterretning. Øygarden kommunestyre godkjente ikkje budsjettjusteringane i dette møtet, men bad om at kommunedirektøren legg fram eiga sak om budsjettjusteringar i juni.

Kommunedirektøren skriv i saka at det har vore ein positiv utvikling i den økonomiske situasjonen i Øygarden kommune det siste året. Per mars 2026 er status at netto driftsresultat er 16,8 millionar kroner betre enn periodisert budsjett hittil i år. Likevel er det utfordringar på nokre område. 

Deltek i spleiselag om båtrute til Geitanger

Kommunestyret vedtok å løyva 130 tusen kroner i året til båtruta Geitanger - Knappskog. Med tilskot frå innbyggjarar, rettshavarar og fylkeskommunen kan dette sikra vidareføring av båtruta.

Løyvinga vert finansiert innanfor gjeldande budsjett.  

På grunn av manglande finansiering, vedtok kommunestyret i mai 2025 å ikkje å gå inn med kommunal medfinansiering.

Det er den siste tida kome eit privat initiativ frå innbyggarane på Geitanger med innsamling av midlar til delfinansiering av kostnad ved ny kontrakt. Innnbyggarane/rettshavarar på Geitanger kan forplikta seg til å gå inn med 230 tusen kroner årleg, noko som utgjer om lag ein tredel av ny kontraktssum. Fylket har sett som krav at Øygarden kommune dekkjer siste sjettedel av kontraktssummen (om lag 130 tusen kroner) for å ha eit grunnlag for å lysa ut ny kontrakt.

Gruppemøte, fleirtalskoalisjonen - Klikk for stort bileteGruppemøte, fleirtalskoalisjonen

Godkjende hovudpunkt i avtale om bruk av Sotra fotballhall

Kommunestyret slutta seg til hovudpunkta i ein avtale mellom Øygarden kommune og Sotra Sportsklubb om bruk av Sotra fotballhall. 

Avtalen inneber mellom anna at Sotra Sportsklubb reduserer leigeprisen med 25 prosent for lokale klubbar og idrettslag frå Øygarden kommune, basert på gjeldande prisnivå per 1. mai 2026. Sotra Sportsklubb skal setja av faste tider til utleige for lokale klubbar og idrettslag frå Øygarden kommune.   

Kommunestyret vedtok i februar å løyva eín million kroner og å forskottera spelemidlar på 1,7 millionar kroner til utskifting av kunstgrasdekket i fotballhallen ved Sotra Arena. Det var ein føresetnad at lokale klubbar kan nytta hallen til reduserte vilkår. Det er hovudpunkta til ein slik avtale som no ligg føre.

Årleg folkehelse- og oppvekstprofilar

Kommunestyret tok saka om årleg folkehelse- og oppvekstprofilar til orientering slik det går fram av behandlinga. Det vert vidare tilrådd, slik råda går inn for, å be kommunedirektøren vektlegga kunnskap om folkehelseutfordringar i arbeidet med budsjett- og økonomiplanen.

I saksutgreiinga går det fram at Øygarden jamt over skårar høgt på fleire sentrale levekårsindikatorar, mellom anna knytt til inntekt, bustadforhold og overordna levekår. 

Samstundes teiknar det seg, når folkehelse‑ og oppvekstprofilane vert lesne over tid, eit bilete av nokre vedvarande og samansette utfordringar innan læring, gjennomføring, psykisk helse og deltaking. Generelt er det ein samanheng mellom utdanningsnivå til foreldra og kva utfordringar barna har i barnehage og skule.

Gruppemøte mindretalspartia - Klikk for stort bileteGruppemøte mindretalspartia

Opprettheld dagens nivå på tilskot til Øygarden kyrkjelege fellesråd

Med 27 mot 15 røyster vedtok kommunestyret at dei økonomiske rammeoverføringane til kyrkjeleg fellesråd for 2027 skal oppretthaldast på 2026-nivå justert med deflator frå statsbudsjettet.

Vidare skal kommunen så snart som mogleg, og seinast i september 2026, vedta to samarbeidsavtalar (jf. ansvaret til kommunen etter lov om trus- og livssynssamfunn § 14); avtale for leveranse av lovpålagde tenester og avtale for aktivitetar og andre samfunnsoppdrag.

Kommunen og kyrkja skal ha dialog med drøftingar og prioriteringar før møtet i juni. Fellesrådet skal leggja fram eit notat til møtet i formannskapet i juni som viser planar for omstilling og effektivisering. 

Fleirtalet var samansett av Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet.

Mindretalet (Ap, SV, Sp og Raudt) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om prinsippet at Den norske kyrkja skal inngå i kommunen sine samla vurderingar av økonomisk omstilling og at kommunen framleis skal oppfylla sine lovpålagde plikter ovanfor. Den norske kyrkja, inkludert forsvarleg finansiering av drift, vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassforvaltning. Vidare skal kommunen sikra god dialog med kyrkja og medverka til føreseielegheit gjennom tidleg varsling av endringar.

I saksutgreiinga går det fram at i 2026 er tilskotet til fellesrådet 35,4 millionar kroner. I tillegg kjem reinhaldsteneste gjeve som tenesteyting til ein verdi av 720 tusen kroner. Gjennom ei samanlikning med andre kommunar av tilsvarande storleik og struktur, kjem det fram at vårt kommunale kyrkjetilskot ligg høgare enn nivået i samanliknbare kommunar. Dette indikerer at det er mogleg å justera tilskotsnivået utan at vi går under eit nivå som andre kommunar reknar som fagleg og økonomisk forsvarleg.

Vedtok forskrift til skulefritidsordning (SFO)

Kommunestyret vedtok forskrift for skulefritidsordninga for dei kommunale skulane i Øygarden.
Denne saka er behandla tidlegare der ulike alternativ vart vurderte. På grunnlag av vedtak i kommunestyret skal det no vedtakast forskrift. 

Endringane med alternativ 3 inneber mellom anna at ein skal halda fram med dagens løysing med SFO-tilbod i 10 månader og at SFO følgjer skuleruta. Dagleg opningstid vert mellom klokka 07.00 og 16.30 heile året utanom feriar. Opningstida i ferien vert mellom klokka 07.30 og 16.00. Talet på skular som har tilbod om SFO i skuleferiane vert auka frå seks til ni skular.

Tilstandsrapport barneverntenesta 2025

Kommunestyret tok tilstandsrapport 2025 frå Øygarden barnevernsteneste til orientering og ber om at innspela til ungdomsrådet vert vurderte i det vidare arbeidet.

Det vert i saka vist til at tilsyn frå Statsforvaltaren viste alvorleg svikt, mellom anna knytt til meldingar, undersøkingar, tiltak og oppfølging av barna. Barnevernstenesta har arbeidd systematisk med forbetringar ved mellom anna å laga nye rutinar, gjort strukturelle endringar i tenesta og gjennomført internkontrollaktivitetar.

Tenesta har difor i 2025 særleg arbeidd med rekruttering av nye medarbeidarar, sett inn tiltak retta mot arbeidsmiljøet og tiltak for å letta på arbeidsbelastninga.

Samlar drifta for bustadforvaltning

Det vart vedteke å samla drifta av Øygarden kommunale bustadforvaltning KF og Bustadstiftinga. Dette samsvarar med innstillinga frå fleirtalet i ei arbeidsgruppe.

Kommunestyret sluttar seg til målsetjinga om ei meir samordna kommunal bustadforvaltning, med eín inngang for innbyggjarane, samla vurdering av ledige bustader og tydelegare skilje mellom bustadsosiale tenester og eigedomsforvaltning. 

Det vert vidare bedt om at kommunedirektøren, i dialog med Øygarden bustadforvaltning KF og Bustadstiftinga, førebur ein felles driftsmodell som kan gjennomførast uavhengig av utfallet i Stiftelsesklagenemnda.

Kommunestyret forventar at styra i Øygarden bustadforvaltning KF og Bustadstiftinga medverkar til nødvendige avklaringar, avtalar og retningslinjer som kan leggja til rette for samordna drift og felles tildelingspraksis. 

- Kommunedirektøren legg fram ny sak om endeleg organisering når Stiftelsesklagenemnda si avgjerd ligg føre, eller når nødvendige avtaleavklaringar er klare, heiter det i vedtaket i kommunestyret. 

I mars 2025 vedtok kommunestyret å oppheva Bustadstiftinga. Stiftelsestilsynet gjorde i november 2025 vedtak om å nekta å registrera Øygarden kommune sitt vedtak om å oppheva stiftinga. Saka vart påklaga av kommunen. Stiftelsestilsynet behandla klagen. I mars 2026 stadfesta tilsynet å oppretthalda vedtaket. Opphevingssaka er vidaresendt frå tilsynet til Stiftelsesklagenemda for avgjerd.  

Forvaltningsrevisjon beredskap

Kommunestyret tok rapport etter gjennomført forvaltningsrevisjon av samfunnstryggleik og beredskap til etterretning. Kommunestyret ber kommunedirektøren å gjennomføra fleire tiltak etter forvaltningsrevisjonsrapport om samfunnstryggleik og beredskap. 

Formålet med revisjonen var å undersøka om kommunen har etablert tilstrekkeleg med system og rutinar for å sikra at kommunen er godt nok førebudd på å handtera uønskte hendingar og krisesituasjonar slik at desse ikkje truar vesentlege verdiar eller set livet og helsa til innbyggjarane i fare.

Revisoren peikar på at kommunen i løpet av dei siste to åra har fått på plass fleire grunnleggjande element i beredskapsarbeidet. Døme på dette er utarbeidd heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), vedteken ny overordna beredskapsplan, utkast til krisekommunikasjonsplan, tilsett beredskapssjef og etablert beredskapsråd og beredskapsvakt. 

Kommunestyret tok forvaltningsrevisjonen til etterretning og slutta seg til 11 tiltakspunkt frå rapportskrivar Deloitte AS. Her kan du lesa alle tiltaka. (PDF, 27 kB) (PDF, 27 kB)

Vidare ber kommunestyret om at det vert utarbeidd handlingsplan til kontrollutvalet innan 19. august i år som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp pkt. 2 i vedtaket (11 tiltakspunkt), kva tid tiltaka skal setjast i verk, status i arbeidet og kven som skal ha ansvar for å setja tiltaka i verk.

Føresetnadar for bruk av utbyggingsavtalar i Øygarden 

Kommunestyret vedtok prinsipp for bruk av utbyggingsavtalar i kommunen. Det er behov for eit nytt prinsippvedtak om utbyggingsavtalar. Forslag til nytt prinsippvedtak låg på høyring i vinter. Det kom innspel til forslaget. 

Andre saker

  • Kommunestyret tok finansrapport per 31. mars til orientering slik han låg føre.  
  • Formannskapet tilrår endring i forskrift om politivedtekt for Øygarden kommune i samband med fotball-VM sommaren 2026. Konkret gjeld endringa reglane om nattero.
     

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er opptak frå møtet på kommune-TV.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke