Ragnar Hansen og Inger Thormodsen gler seg over at barne vil gje julegåver til ukrainske barn. Bilete er frå Øygarden rådhus på Straume. Det vart også samla inn gåver på Rong og Skogsskiftet.Torsdag ettermiddag var det registrert vel to hundre gåver.
I samarbeid med barnehagesjefen har klubben sendt ut informasjon til alle barnehagane i Øygarden og oppmoda barna til å finna fram gode brukte leiker som ukrainske barn kan få som julegåve.
På rådhuset på Straume stod Inger og Ragnar torsdag ettermiddag klar for å ta imot gåver. Klubben er ein del av eit distrikt som dekkjer Rogaland og Vestland. Leikene skal vera tilpassa barn frå nyfødd alder til og med 13 år. Pakkane er merkte med innhald, alder/aldersgruppe, ev. kjønn dei passar for og verdi.
- Dette er første gong vi gjer dette. Vi har fått ei oppmoding frå Førde Rotary Klubb til å vera med på innsamling av julegåver. Det er eit stor naud og det er behov for dette. Vi har fått melding om at det kjem inn fleire gåver frå barnehagar i neste veke, seier dei.
Barnehagesjef Trond Heggestad seier at barnehagane og føresette på denne måten kan hjelpa barn på tvers av landegrensene på ein lite ressurskrevjande måte. I dette ligg det også grobotn for gode samtalar og perspektiv.
- Barn og vaksne i Øygarden kan med hjelpa frå Sotra Rotary Klubb bidra til at barn i Ukraina få ei julegåve, som dei kanskje elles ikkje ville fått. Å gjera noko for andre, bidreg også til ei god kjensle, både hos den som tek imot og den som gjev. Frivillig arbeid er av særs stor betydning for innbyggjarane, i denne samanhengen også for barn og vaksne i andre land, seier Heggestad som rettar ei stor takk til alle som har tatt seg tid og prioritert å samla inn leikar og frakta det til Rotary på Rong, Skogsskiftet og på rådhuset på Straume.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland