- Samkøyring fungerer perfekt

Elin Haugsdal Kvinge frå Sekkingstad er eín av mange som har lasta ned appen Nabogo og har fått passasjerar i bilen sin på veg til jobb.
- Vi har hyggeleg prat i bilen, seier Elin etter å ha teke opp passasjer på veg til jobb. Også passasjeren, Marte Kahrs, rosar ordninga med Nabogo.
 

Elin Haugsdal Kvinge har god erfaring med samkøyring. - Klikk for stort bileteElin Haugsdal Kvinge har god erfaring med samkøyring.

Tilbodet om samkøyring via appen Nabogo er eit tiltak i regi av Skyss og Miljøløftet. Bilistar med start eller stopp i Øygarden og Askøy får no tilskot ved å tilby samkøyring på ruter dei vanlegvis køyrer aleine. For passasjerar som har periodebillett eller skal reisa mindre enn 10 kilometer, er det heilt gratis å vera passasjer.

Les meir om Nabogo her.

Elin Haugsdal Kvinge jobbar som automasjonsingeniør hjå Siemens Energy i Kanalvegen i Bergen. Til vanleg reiser ho med privatbil frå Sekkingstad klokka 06.10. 

Elin har venta på at det skulle koma ei ordning med samkøyring. No har ho fått fast samkøyrar.

-    Det er lite kø på denne tida. Etter tips på Instagram, lasta eg ned Nabogo. Eg fekk «tilslag» hjå ein passasjer frå Blommavegen ved Bildøybakken. Eg må vedgå at eg var litt spent på korleis det ville fungera å ta opp ein ukjent passasjer, men det har gått over all forventning. Vi har god kjemi og har gode samtalar i bilen, seier Elin.

Tilskot

Sjåføren får minimum 15 kroner i tilskot frå Skyss per passasjer for dei første 10 kilometrane. Deretter er tilskotet eí krone pr. kilometer. Betaling skjer via appen til Nabogo. For å nytta seg av denne samkøyringsordninga, må både bilist og passasjer lastar ned appen Nabogo.

Passasjeren som med jamne mellomrom har vore passasjer hjå Elin har tidlegare køyrt bilen til Storavatnet og nytta innfartsparkeringa der.

-    Når ho no er passasjer i bilen min, vil det vera eín bil mindre i køen. Med denne positive erfaringa, tek eg gjerne fleire om bord i bilen. Eg har notert i appen at eg kan ta inntil tre passasjerar. Eg oppmodar folk til å leggja inn profilbilete i appen, seier Elin Haugsdal Kvinge.

Enkelt system

Det er Marte Kahrs som har vore passasjer hjå Elin. Også ho opplever at dette er ei ordning som fungerer svært godt.

- Eg har delvis heimekontor og reiser på kontoret på Danmarks plass eit par dagar i veka. Nabogo er svært enkelt system der eg går inn på appen og ser om det ligg inne tilbod om skyss som passar for meg, seier Kahrs.

Marte Kahrs bur på Kolltveit. Ho køyrer tre minutt frå heimen til ein grei møteplass ved Blommavegen der ho møter Elin Haugsdal Kvinge og får skyss til Bergen sentrum.

- Tidlegare kunne eg ta rute 403 som gjekk mellom Straume og Haukeland universitetssjukehus. Denne ruta er no lagt ned. No har eg funne ei god løysing der eg brukar langt mindre tid enn om eg skulle tatt buss med overgang. Vi har gode samtalar når vi reiser saman til jobb, seier Marte Kahrs.


Tekst og foto: Vigleik Brekke