- Røtene våre er i bygdene

Det var stinn brakke i Alvheimstuene på laurdag då band 5 i serien Øygarden bygdebok vart lansert. Dette bandet er gards- og slektshistorie for den søre delen av Alvøyna.
- Med dette overleverer vi historia til komande generasjonar, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han lanserte bandet.

Frå venstre; forfattar Kenneth Bratland, ordførar Tom Georg Indrevik, forfattar Kjell Alvheim og forfattar Yngve Nedrebø - Klikk for stort bileteFrå venstre; forfattar Kenneth Bratland, ordførar Tom Georg Indrevik, forfattar Kjell Alvheim og forfattar Yngve Nedrebø.

Band 5 tek for seg Heggholmen, Dåvøy, Harkestad, Alvheim, Heggøy, Eide (Stekken), Tjeldstø og Naustdalen (gardsnummer 247-254). Forfattarar er Kjell Alvheim, Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø. Frode Fyllingsnes er godt i gang med allmennhistoria (band 2). Etter planen skal det skrivast 4 300 – 4 400 sider og gjevast ut 8 band innan 2028.

Leiar i sogelaget, Jacob Henrik Hellesund, var konferansier og godt nøgd med arrangementet.

- 100 frammøtte var langt over forventninga, seier han.

Betre framtid

Ordførar Tom Georg Indrevik understreka at det er enkeltmenneska som gjer ein forskjell.

- Arbeidet med bygdebøkene er utruleg viktig. Dei viser korleis vi er vevd saman. Vi skal læra om fortida for å gjera framtida betre, sa Tom Georg Indrevik.

Klara og Mons Semshaug gler seg til å lesa bygdeboka. - Klikk for stort bileteKlara og Mons Semshaug gler seg til å lesa bygdeboka.

To av dei rundt 100 frammøtte, ekteparet Klara Heggholmen Semshaug og Mons Semshaug (96), hadde orkesterplass under presentasjonen. 

- Det er svært kjekt at vi får dette. Vi ser fram til å lesa boka, seier dei.

Klara fortel at ho kom til Alvheim sju år gamal frå Heggholmen. Mor til Mons kom frå Geitanger i Fjell og far kom frå Alvheim.

- Vi gifta oss i 1962 i Bergen domkirke. Vi dreiv først butikk på Alvheim før vi etablerte oss med forretning på Tjeldstø, fortel dei.

Kraup opp på fanget til bestemor

Kjell Alvheim har hatt og har ei sentral rolle i arbeidet med bygdebok for gamle Øygarden. Han er leiar av bygdeboknemnda og forfattar. Han starta med å sitera Arne Garborg.

- Vi kan kjøpa oss kunnskap, men ikkje klokskap.

Han fortalde at han vaks opp i huset til besteforeldra.

- Eg kraup mykje opp på fanget til bestemor. I skumringstimen venta ho på at det skulle verta mørkt nok til at oljelampa kunne tennast. Ho fortalde mykje om slekta si, om skulegangen, strandsitjarane og hummarfiske, fortalde han.

Kjell Alvheim - Klikk for stort bileteKjell Alvheim

Kjell Alvheim sa at tidene har forandra seg. Han viste til døme på at ein rydda opp seg imellom rundt om i bygdene.

- Eg såg over 200 klager på likningsprotokollen. Eín av klagene handla om at ein skatteytar hadde tent 50 kroner meir enn det som stod i protokollen. I dag er makta overført til rådhuset. Vi har mista noko av sjølvråderetten vår, meinte han.

Mange har hjelpt til

Forfattar Yngve Nedrebø sa at det slett ikkje er kjedeleg å arbeida med gardssoga. Han har kome over mange spennande historier. I boka er det fleire slike. Han takka alle som har gjeve bidrag til boka og nemnde spesielt Trygve Fjeldstad som har levert over 250 bilete.

Kenneth Bratland understreka også kor viktig kjeldene er for å få realisert bygdebøker. Han overrekte også eit eksemplar til styrar på Kystmuseet, Lennart Fjell, som har gjeve viktige bidrag til dette bandet. Han takka også Øygarden kommune ved ordførar Tom Georg Indrevik og kultursjef Marian Guddal Hansen. 

Kultursjef Marian Guddal Hansen sa at det er spesielt viktig å ta vare på røtene våre.

- Vi feirar ikkje berre at det vert gjeve ut ei bok. Det handlar om identiteten, historia og tilhøyrsla til Øygarden. Det er eit bindeledd mellom fortid og framtid, sa ho og takka alle som har bidrege til bygdeboka.

100 personar møtte opp på bygdeboklanseringa - Klikk for stort bilete100 personar møtte opp på bygdeboklanseringa.

Øygarden kommunestyre (gamle Øygarden) gjorde i 2017 vedtak om at det skulle lagast ei samanhengande gards- og slektshistorie for Øygarden frå Vik i sør til Nordøy i nord. Med dette femte bandet er det så langt gjeve ut totalt fire band;

  • Band 1: Fangstfolk og fiskarbønder – tida fram til 1870
  • Band 3: Gard og slekt, gardsnummer 201-207
  • Band 4: Gard og slekt, gardsnummer 208-213
  • Band 5: Gard og slekt, gardsnummer 247-254


Her er fleire bilete:

Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Yngve Nedrebø - Klikk for stort bilete
Marian Guddal Hansen - Klikk for stort bilete
Kenneth Bratland (til venstre) og Jacob Henrik Hellesund - Klikk for stort bilete
Trygve Fjeldstad har bidrege med meir enn 250 bilete - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Kjell Alvheim, Yngve Nedrebø og Kenneth Bratland - Klikk for stort bilete
Frode Fyllingsnes - Klikk for stort bilete
Glade seljarar og kjøparar av band 5 - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Kenneth Braltland overleverte eksemplar av band 5 til Lennart Fjell - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke