Reinhaldsavdelinga i Øygarden kommune søker etter ringevikarar på ulike institusjonar, helsebygg, administrasjonsbygg, kyrkjer, skular og barnehagar i kommunen.
Du må vera:
- Punktleg
- Sjølvstendig og grundig
- Må kunne lese, snakke og skrive norsk
Erfaring innan reinhaldsyrket og førarkort klasse B er også ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Arbeidstid
Normalarbeidstida er frå kl. 06.00.
Søknad
Send søknad på e-post til stian.johansen@oygarden.kommune.no. Frist: Snarast
Publisert 28.08.2024 08.30