Riksveg 555 vert stengd fleire netter

Som ein konsekvens av sprengingsarbeid på Bildøyna, vert riksveg 555 stengd fleire netter i veke 49 og 50. Dette fører til periodar med manuell dirigering og omkøyring.

Foto: Sotra Link

Stengetider veke 49

Tysdag 2. desember vert det manuell dirigering frå kl. 21.00 til 23.00. Det vert stengt for personbiltrafikk frå kl. 23.00 til 05.00.

Stengetider veke 50

Måndag 8. desember vert det manuell dirigering frå kl. 21.00 til 23.00. Det vert stengt for personbiltrafikk frå kl. 23.00 til 05.00.

Omkøyring og dirigering

Riksveg 555 vert stengd ved Bildøykrysset og Sartor Storsenter. Omkøyring rundt Bildøyvegen vert skilta for småtrafikk. Bebuarar på Bildøyna vert sleppt forbi.
Tunge køyretøy og kollektivtrafikk kan ikkje passera over (gamle) Bildøy bru. Desse vert dirigert forbi arbeidsområdet i puljar etter kl. 23.00.