Nest Sotra vart kåra for beste stand.Det var ordførar Tom Georg Indrevik som offisielt erklærte frivilligdagen for opna. Han takka Sartor Storsenter og alle frivillige lag og organisasjonar som stiller opp på dette.
Ordførar Tom Georg Indrevik stod for den offisielle opninga av frivilligdagen.Ingvild Ramberg er operativ leiar i Sotra Røde Kors Hjelpekorps og var ein av dei 40 frivillige i hjelpekorpset som var på plass på Sartor Storsenter på laurdag.
- Kvifor engasjerer du deg i dette?
- Det er svært gjevande å få vera med på ein slik aktivitet i fritida. Med dette får vi fysisk aktivitet, og vi får vera med og gjera noko godt for andre, seier ho.
Røde Kors-arbeidet i Øygarden har Fjell Røde Kors som ei overbygning med Sotra Røde Kors Hjelpekorps, Barnas Røde Kors Fjell og Røde Kors Omsorg organisert under.
- I hjelpekorpset er vi med på leiteaksjonar, hentar skadde i naturen og har vakter på fotballkampar og andre arrangement. For tida samlar vi pengar inn til ny bil, seier ho.
Amelia og Theon fekk teikna kanin og ulv i ansiktet. - Eg ville ha kanin for dei er så fine. Eg har lyst å ha kanin, seier ho.Rådgjevar frivilligheit i Øygarden kommune, Julia Valeska Woehlert gler seg over god oppslutnad.
- Med 33 utstillarar sette vi rekord nok ein gong. Seks av utstillarane var med for første gong, seier ho.
Fyllingsdalen Teater, Knarrevik munnspelkorps, Seniordansen, Sund Blandakor, Emil Tveit Husby og Alde Davidsen bidrog med underhaldning frå scena.
Her er fleire bilete:
Teks og foto: Vigleik Brekke