Tre hundre personar var samla til Bestefesten på Skogsvåg skule på fredag- Eg kom i går kveld og skal vera her i Øygarden i helga. Vi må jo stilla opp for barnebarna. Dei er kjempeflinke, seier Kari.
Bestefesten er ei årleg samling der småtrinnet (1. – 4. klass) inviterer besteforeldra med framvising av song, dans og andre innslag. Etterpå er det kaker og kaffi laga av elevane. Besteforeldra er også med på aktivitetane ute i etterkant. Dei får også med ei undervisningsøkt.
Ordførar Tom Georg Indrevik saman med Even og Annabell som hjelpte til med å leia samlinga.Ordførar Tom Georg Indrevik var også på plass. Han let seg imponera av arrangementet og det elevane viste fram.
- Her ser vi korleis elvane utviklar seg. Eg vil også takka alle tilsett som har bidrege til dette. Og eg vil gjerne slå eit slag for at vi nyttar høve til å takka. Det kostar ingenting, men det varmar så utruleg mykje, sa ordføraren.
Også Kenneth Telle var mellom dei mange besteforeldra som fekk med seg Bestefesten for 10. gong på Skogsvåg skule. Vi møtte dei lik før det braka laust.
- No skal dei få visa seg fram. Elevane er stolte og likar å visa seg fram for oss besteforeldre. I dag har eg tatt meg fri for å vera med på dette, seier Kenneth.
Kari Medhus Eide og Kenneth Tell skryt stort av dette arrangementet.Rektor Ingrid Hestad kan ikkje skryta på seg at dette har ho funne på. Men ho er sikker i si sak når vi spør om dette skal halda fram.
- Dette er 10. gongen, og dette er kome for å bli. Visjonen er at vi skal visa kva vi kan og at besteforeldra skal få oppleva dette. Elevane opplever meistring. Nokre elevar gruar seg, andre gler seg. Dette er eit sosial fellesskap der også besteforeldra får ein hyggeleg dag. Mange ringjer til oss tidleg for å sjekka ut at ikkje dei tingar ferie som kolliderer md Bestefesten, seier rektoren.
Even og AnnebellEven og Annabell som går i 4. klasse var spente før dei skulle hjelpa til med å vera konferansierar.
- Eg gruar meg litt før eg skal opp på scena.
- Kva skal skje på scena?
- Det vert song, dans og vitsar, seier Even.
- Det er kult at besteforeldra kjem hit. Vi ønskjer å visa kva vi kan og at vi får det til, seier Annabell.
Frå aktivitetane uteVi utfordra rektor Ingrid Hestad til å skildra dagen. Her er hennar oppleving av dagen.
2. trinn sjarmerte publikum med song, og det heile vart fint innleia med ros for kor flinke dei er til å arbeide med TRYGG – eit viktig satsingsområde for skulen. Deretter kom 4. trinn på scena med ein underhaldande sketsj og framføring av «Optimist». Mot slutten sette dei eit ekstra personleg preg på framføringa ved å syngja ein eigen tekst tileigna besteforeldra – noko som vart varmt teke imot i salen.
3. trinn, som er det største trinnet på skulen, entra scena på imponerande vis. Dei gjekk saumlaust opp, starta med song og fylte rommet med kraft og glede. Det kjendest nesten som taket løfta seg. Avslutningsnummeret deira, «Alt for Noreg», vart eit høgdepunkt, framført med stor innleving. Elevane var ikledde fotballdrakter og vinka med flagg, medan nokre av gutane briljerte med triksing. Med både solistar og kor vart dette ei sterk oppleving, og fleire i publikum vart tydeleg rørte, fleire grein.
DanseopptrinnHeilt til slutt samla alle elevane seg på scena, med Åsgeir i front som korleiar. Saman framførte dei songen «Måla himmelen blå» med rørsle, ei vakker og rørande avslutning.
Konferansieren Bente Helen Sangolt avslutta programmet på ein framifrå måte, og eg tok deretter ordet for å takka henne, saman med Even og Anna-Bell, for ein strålande innsats. Publikum og elevar var heilt fantastiske gjennom heile arrangementet. Elevane gjekk deretter vidare for å eta.
Eg bad Bente venta litt og nytta høvet til å takke henne ekstra, og fortalde med eit smil at Bente hadde drøymt om denne dagen heile veka – ja, ho hadde til og med teke kontakt kvelden før for å avklara noko i manuset. Nettopp dette fellesskapet er kjernen i dagen: det vi som skule får til saman.

Vidare snakka eg om skulen sitt satsingsområde, TRYGG. Heile skulen arbeider systematisk med dette – både lærarar og fagarbeidarar, i skulen og på SFO. Målet er felles: trygga elevar, trygga vaksne, trygga friminutt, trygga overgangar, trygga føresette og trygga samarbeid. For å kunna læra, må ein kjenna seg trygg. Difor er det viktig å gi elevane både faglege og sosiale verktøy som dei kan ta med seg vidare i livet.
Månadens tema er takksemd, og eg gav uttrykk for stor takksemd – først og fremst for at besteforeldra var til stades og delte dagen, men også for å få arbeida på Skogsvåg skule.
Etter talen vart det servert kaffi og kaker som elevane på mellomtrinnet hadde laga. I Sund-hallen fekk alle ei hyggeleg stund saman før dei gjekk vidare til storefri og seinare deltok i den siste undervisningsøkta. I klasseromma var det stort engasjement og mykje aktivitet.
Fleire av besteforeldra som vart snakka med til slutt, hadde reist heilt frå Oslo, sørlandet og Bergen. Dei brukte ord som «magisk» om opplevinga, og meinte at dette er noko som burde spreia seg langt utanfor lokalmiljøet. Dei ville fortelja om dette til heile Oslo og alle i bergensskulen burde få vete om dette. Dei uttrykte stor glede over at barnebarna deira får gå på ein skule som dette – i trygge rammer, med trygge vaksne.
Her er fleire bilete:
Tekst: Ingrid Hestad og Vigleik Brekke (red)
Foto: Ingrid Hestad og Vigleik Brekke