Assisterande einingsleiar for heimetenesta, Kate Samland Løland, seier at det vert gjort grundige vurderingar om det er oppdrag hjå brukarar som kan utsetjast eller avlysast.
- På grunn av dei dårlege køyreforholda, er vi nøydde til å ta omsyn til eigen tryggleik hjå dei tilsette. Det snør tett, og mange vegar, særleg i nord og sør, har dårleg framkomst. I heimetenesta nyttar vi også private vegar som ikkje er brøyta, seier ho.
Ho understrekar at kommunen prioriterer nødvendig helsehjelp. Dei som får redusert tilbod eller avlyst hjelp, får melding om det.
Beredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad seier at Øygarden kommune kan nytta fleire interne ressursar, som til dømes Øygarden brann og redning.
- Det også fint om folk hjelper kvarandre med å måka snø, seier han.
Ordførar Tom Georg Indrevik er trygg på at heimetenesta tek grundige vurderingar og prioriterer nødvendig helsehjelp.
- Det er også fint om pårørande er ekstra merksam på situasjonen for dei som treng hjelp, seier ordføraren.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune