Frå møtet i RFF tysdagKommunedirektøren har utfordra råda til å koma med innspel som følgjer opp hovudmåla og strategiane i samfunnsdelen til kommuneplanen.
RFF presiserer i uttalen at det er viktig å prioritera gode tenester og bustader for det aukande talet på menneske i alle aldrar med større behov for tilrettelegging.
Vidare ønskjer rådet at prisen på tryggleiksalarm ikkje vert auka og at kommunen prioriterer å byggja opp forsterka avdelingar på skular i nord og sør. RFF ønskjer fortgang i utbygginga av bufellesskap innan MMNF og sikra utviding av avlastingstilbod til føresette som har barn og unge med særlege behov.
I tillegg vil rådet løfta fram prioriterte tiltak frå tidlegare år.Sjå lenkje (PDF). (PDF, 73 kB)
Tommy Urhaug vert gjest på markering av internasjonal FN-dag
RFF slutta seg til tilrådinga frå eit arbeidsutval som føreslår å markera den internasjonale FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne den 3. desember. Bordtennisspelaren Tommy Urhaug har stadfesta at han kan delta med innlegg og bordtenniskamp på arrangementet. Eit utval, samansett av Christian Daae-Hansen, Stine Waagebø Lillebø og Renate Toft, har ansvar for å planlegga arrangementet.
RFF vedtok også at det skal lagast ein brosjyre om arbeidet til RFF som kan delast ut og leggjast ut på nettsida til kommunen.
Andre tiltak vert prioriterte etter behov og kapasitet. Døme på dette er informasjon om RFF på infoskjermane i kommunen, bruk av «På plakaten» og lesarinnlegg i Vestnytt og tipsa avisa om aktuell sak som har nyheitsinteresse. Andre tiltak er informasjon på kommunestyret (etablert ordning) og å gje informasjon om RFF på foreldrekurs for barn med spesielle behov (Ung vaksen).
Kommunal forskrift om bandtvang
RFF slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren si vurdering om at § 3-2 i forskrift om politivedtekt for Øygarden kommune er i samsvar med forskrift om unntak frå bandtvang for servicehundar godkjende og tildelte av NAV. Det er ikkje behov for endringar i gjeldande kommunale forskrift som følgje av den nasjonale forskrifta om unntak frå bandtvang for servicehundar.
RFF ønskjer likevel å presisera at ved ei framtidig revidering av politivedtektene må kommunen presisera at bandtvang ikkje gjeld for servicehundar.
Andre saker
- Møteplan for 2027
- Evaluering av alternative opplæringsarenaer i skulen
Rådet slutta seg til tilrådinga om å vidareføra dei eksterne alternative opplæringsarenaene på om lag same nivå og med same hovudinnretning som i dag. Denne saka vert sluttbehandla i levekårsutvalet.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke