Podkastepisode 23: Vi hyllar kultur og idretten i Øygarden
Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå kultur- og idrettsgallaen 20. mars. Denne kvelden vart det delt ut seks prisar. Mange fekk heider og det vart delt ut eín million kroner i kultur- og idrettsstipend.
- Det var rørande. Det er rart at eg som jobbar med å sjå andre no skal bli sett sjølv, seier André Clausen som fekk folkehelseprisen. Dei andre som vart hylla med pris denne kvelden var Vigdis Taranger (Mot til å glede-prisen), Åshild Eriksen (heiderspris frå Øygarden musikk- og kulturråd), Oda Erstad (ungdomspris frå idrettsrådet), Siv Øye Karlsen (heiderspris frå idrettsrådet) og Cathrine Fredriksen Veirud (frivilligprisen). Kulturprisen og Tilgjengeprisen vert delte ut ved seinare høve.
I denne episoden har vi snakka med alle prisvinnarane, leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, og kultursjef Marian Guddal Hansen. Podkastepisoden vert leia av Marianne Furheim og Vigleik Brekke.
Publisert 24.03.2026 07.15