Passerte 40 000 innbyggarar i 2024
Ved inngangen av 2025 var vi blitt 40 105 innbyggarar i Øygarden, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I løpet av fjoråret auka folketalet med 337 personar, noko som gir ein vekst på 0,85 prosent.
Foto: ColourboxDette er den lågaste vekstraten sidan vi vart ny kommune i 2020, men er noko høgare enn landet elles (0,8 prosent).
2024 var også året med lågast innanlandsk innflytting sidan 2020. 1 538 personar flytta til Øygarden frå andre kommunar i 2024, over 200 færre enn året før. Nettoinnflyttinga var likevel positiv, og førte til 63 nye innbyggarar. Fødselsoverskotet på 148 personar var det viktigaste bidraget til vekst i 2024, etterfølgt av nettoinnvandring (125 personar).
I løpet av 2024 har aldersfordelinga blant innbyggarane endra seg, og barn og unge utgjer ein stadig mindre del av folketalet. I løpet av 2024 vart det 102 færre barn i barnehagealder, og 49 færre barn i grunnskulealder. Talet på personar over 80 år auka med 112 personar.

Tekst: Kristina Espeseth
Foto: Mostphotos
Publisert 25.02.2025 13.39