Øygarden ungdomsskule gjekk heilt til topps

Det var ein stolt rektor på Øygarden ungdomsskule, Trine Omland, som tysdag etter lunsj fekk overrekt ein sjekk på seks tusen kroner for å ha trent mest i kampanjen «Tren med ein kollega». Eininga psykisk helse og rus vart trekt ut blant dei som har trent minst 10 gonger.

- Vi har tradisjon for å gjera ting saman. Vi får energi til å gjera endå meir, sa rektoren som siterte frå leiingskompasset om å vera stolt, på lag, med glød og modig. Ho hadde samla tilsette og elevar på fellesplassen utanfor skulen for at alle skulle få med seg denne hendinga.

Det var rektor Trine Omland som fekk overrekt sjekken på seks tusen kroner frå ordførar Tom Georg Indrevik.

Totalt er det registrert 580 økter i heile kommunen. 26 einingar har delteke i kampanjen.

Psykisk helse og rus har fått ein sjekk på tre tusen kroner. Dei er trekte ut blant dei einingane som kan visa til meir enn 10 treningar. Psykisk helse og rus har registrert 45 treningar. Det er slett ikkje verst.

Einingsleiar psykisk helse og rus, Therese Helgesen, fortel at aktivitetskoordinator i avdeling psykisk helse og rus, Terese Andersen, har fått med seg dei tilsette på MO-senteret i Øygarden som no satsar på å gjennomføra årets Straume-mil. 

- Dette er ein aktiv gjeng som trenar både seint og tidleg og har det kjempekjekt i lag. Også brukarane er komne i betre form etter at Terese kom på plass. Nyleg var flere av dei på Stoltzen, og det var ein stolt og takksam gjeng som kom tilbake. Avdeling psykisk helse og rus satsar på fysisk aktivitet då vi veit kor mykje dette heng saman med den psykiske helsa, seier Therese Helgesen.

Frå ein av turane. På biletet er Renate Furelid Johnsen - Klikk for stort bileteFrå ein av turane til MO-senteret. På biletet er Renate Furelid Johnsen.

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som fekk æra av å overrekka premien til Øygarden ungdomsskule.

Ordføraren sa at trening saman gjev mykje i kvardagen. Han kunngjorde at Øygarden ungdomsskule har registrert 198 treningsøkter frå januar.

- Eg kjem rett frå møtet i politirådet. Det er grunn til å skryta av dykk. Det viser seg at det er redusert kriminalitet i denne delen av kommunen, sa ordføraren til stor jubel blant elevane som var møtt opp i strålande solskinn. 

- I dag skal de få gå til bussen fem minutt før vanleg tid, sa rektor Trine Omland til nok ein gong full jubel blant elevane.

Betre undervisning

Elevane meiner at trening blant lærarane gjev betre undervisning - Klikk for stort bileteElevane meiner at trening blant lærarane gjev betre undervisning.

Frå leiinga i skulen vart det under markeringa på tysdag ymta frampå at undervisninga har vorte betre etter at skulen har intensivert treninga blant dei tilsette. 

Dei rette til å svara på dette, må jo vera elevane.

- Eg opplever at lærarane har fått meir energi. Dei er gladare enn før, og det er meir gøy å vera i timen, seier Wilhelm Oen (9b).

Vilde Elvestad (9c) seier at undervisninga er lagt opp på ein attraktiv måte.

- Vi får velja kva vi kan gjera ut frå arbeidsplanen. Lærarane slår gjerne til med ein Kahoot i mattetimen, seier ho. Også Vilde opplever at all treninga til lærarane har skapt eit betre læringsmiljø på skulen.

Godt arbeidsmiljø og nærvær

Gjennom «Jobben gjer frisk» er målet å skapa gode arbeidsmiljø og nærvær på jobb. Som ein del av dette var alle tilsette i Øygarden inviterte til å delta i kampanjen «Tren med ein kollega». Dette er eit frivillig valt treningsopplegg der aktivitet utanom arbeidstid står i fokus.

Målet med kampanjen «Tren med ein kollega» er å skapa treningsglede og samhald på arbeidsplassen. Tiltak for fysisk aktivitet er lovfesta i arbeidsmiljølova og skal inngå som ein del av det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet. Les meir om dette her. (ekstern lenkje).

Rektor Trine Omland (til venstre) og kommunalsjef for Organisasjon og beredskap, Anne Merete Vabø Haugane - Klikk for stort bileteRektor Trine Omland (til venstre) og kommunalsjef for Organisasjon og beredskap, Anne-Merete Vabø Haugane

Kommunalsjef for organisasjon og beredskap, Anne-Merete Vabø Haugane, var også med og heidra dei tilsette på Øygarden ungdomsskule.

- De jazzar kvarandre opp til å trena. Dette er kjempebra og gjev oss andre positiv inspirasjon. De har jo eit eksepsjonelt lågt sjukefråvær her på skulen, sa ho til dei tilsette då dei fortent kunne forsyna seg av to nydelege kaker som var laga til for markeringa.

Mange aktivitetar

Avdelingsleiar Ingrid Algrøy Sæle er ein av dei tilsette som har pusha dei andre til å delta i kampanjen.

- Vi vekslar mellom faste aktivitetar og meir spontane aktivitetar før eller etter jobb. Det er symjing i bassenget på Rong kvar måndag klokka 07.00. Elles er det joggeturar, styrketrening, turar i marka og yoga. Vi likar å vera i lag og trena. Det er vanskeleg å måla om dette gjev meir trivsel, men me likar jo kvarandre frå før også, seier ho.

Elevane tykte vel om at dei tilsette vart heidra - Klikk for stort bileteElevane tykte vel om at dei tilsette vart heidra.

Rektor Trine Omland er kry over over at skulen gjekk til topps i konkurransen. 

- Eg er utruleg stolt, men ikkje overraska. Vi har tradisjon for å gjera ting saman. Vi reiser på eigenfinansierte personalturar. Først og fremst trivst vi å vera saman. Her er ein kultur for å gjera kvarandre gode. Pengane skal gå til felles gode opplevingar, seier ho. 

Rektoren fortel at det er generelt lågt sjukefråvær på Øygarden ungdomsskule. I skuleåret 2023/2024 låg sjukefråværet på to-tre prosent.

Akkurat i desse dagar er ein av lærarane, Cato Risløw, også eit viktig førebilete for dei trimmande tilsette på Øygarden ungdomsskule. Han er no om lag 7 200 meter over havet og har som mål å klatra heilt til topps på Mount Everest (8 848,9 meter!) rundt 17. mai. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke