Øygarden kommune får 21,3 millionar
Budsjettforliket mellom Ap, SV, Sp, MDG og Raudt fører til at Øygarden kommune får 21,3 millionar kroner meir i frie inntekter i 2026.
- Vi gler oss over at forliket resulterer i ekstrapengar til kommunen, men vi må gå gjennom detaljane før vi kan seia noko konkret om kva det betyr for oss, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Kommundedirektør Johnny Breivik er glad for ekstrapengar etter forliket i Stortinget.Det var natt til onsdag at fem parti på Stortinget presenterte eit statsbudsjett som vil få fleirtal i Stortinget. Tilleggsløyvinga til fylkeskommunane og kommunane på tre milliardar kroner frå det første forliket mellom Ap, Sp og Raudt står fast. Det er sett av 600 millionar kroner til kommunane til å utvida ordninga med toppa bemanning i barnehagane.
Øygarden kommune, som får 21,3 millionar kroner ekstra, vil no gå gjennom forliket. Det er lista opp ei rekkje andre tiltak med konkrete beløp. Ein del av desse tiltaka gjeld tenestetilbodet i kommunane.
- Spørsmålet er kor mykje av dei ekstra frie midlane som skal gå til å dekkja desse konkrete tiltaka. I forliket er det også nokre kutt. Alt dette gjer det vanskeleg for oss no å seia noko om kor stort handlingsrom vi reelt vil få med ekstramidlane til kommunen, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 03.12.2025 15.01