Øygarden er nominert til pris

Integererings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har nominert Øygarden kommune som ein av fem kommunar til prisen som Busetjings- og integreringsprisen 2025. Prisutdelinga skjer på årskonferansen til IMDi i Oslo, 10. november.  

Ill. Logoen til IMDi - Klikk for stort bilete

Dei andre nominerte er kommunane Moss, Sykkylven, Senja og bydelen Grünerløkka.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at i 2024 busette Øygarden kommune eit høg tal kvoteflyktningar. For å sikra god koordinering og tett oppfølging, har flyktningtenesta i kommunen hatt faste møte med alle som skal hjelpa, rettleia og støtta de nye flyktningane (for eksempel innan skulesektoren, helse- og sosialtenester).  

Juryen skriv at det er utarbeidd ei rutinehandbok for arbeidet med busetjing. 

- Godt samarbeid mellom flyktningtenesta og Nav har bidrege til betre bruk av deira verkemiddel, tiltak og arbeidsmarknadskompetanse. Blant anna er det oppretta kurs i arbeidsmarknadsopplæring for deltakarar med låg digital kompetanse, heiter det i grunngjevinga.  

Skryt av Øygarden

– Vi ønskjer å løfta fram den viktige innsatsen Øygarden kommune gjer, til inspirasjon for andre, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).  

Prisen er delt ut årleg sidan 2019 og går til kommunane som har utmerkt seg i arbeidet med busetjing og integrering av flyktningar det føregåande året.  

Her kan du sjå video om Øygarden (video nr. 4)