Overvatn kan skapa trafikale problem

Det er meldt om brå overgang frå snø og kulde til mildvær og regn. Dette gjeld særleg på måndag. Også onsdag er det venta ein god del nedbør.

Ill.bilete Mostphotos

Store mengder nedbørsmengder kombinert med smeltevatn vil føra til utfordringar med overvatn som igjen kan gje trafikale problem. Ver førebudd på at det kan verta forseinkingar i trafikken.

Leiar eigedomsforvaltning, Christian Alsaker, ber alle vera merksame og ta nødvendige forholdsreglar og sjå til at sluk og drenskummar er opne og frie for is og snø.

- Dette hjelper til med å leia smeltevatnet vekk. Syt for at sluk og avløp nær eigedomen din er opne og frie for is og snø. Dette hjelper til med å leia smeltevatn vekk. Sjekk takrenner og taknedløp slik at vatnet får renna fritt bort frå huset, seier han.

På varsom.no finn du informasjon om flaum og naturfarer.