Øvde på mogleg datainnbrot
Den kommunale kriseleiinga (KKL) i Øygarden gjennomførte torsdag ei beredskapsøving der øvingsoppgåva var mogleg datainnbrot. Ein konsekvens av datainnbrotet var mellom anna forseinka utbetaling av løn.
Vestnytt intervjuar ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik.Også leiinga i ØyVAR deltok i øvinga. I tillegg hadde kriseleiinga samarbeid med eksterne aktørar som Vest Næringsråd og Vestnytt.
Eit øvingsscenario som dette utløyser eit stor kommunikasjonsbehov internt og eksternt. Det vart mellom anna øvd på intervjusituasjon og gjennomført ein fiktiv pressekonferanse.
I ein slik situasjon må kommuneleiinga finna ut kva som har skjedd og redusera dei negative konsekvensane desse kan få for dei tilsette. Tett dialog med dei tillitsvalde er avgjerande.
Frå pressekonferansenBeredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad seier at formålet med øvinga var å øva KKL på den nye overordna beredskapsplanen som vart vedteken i januar. Det var også eit mål å øva på krisekommunikasjonsplanen.
- Ein viktig del av øvinga var å få felles situasjonsforståing og felles situasjonsbevisstheit og handtera situasjonen deretter. Erfaringa frå øvinga er at ho viser kor viktig det er å øva, og kor viktig det er å ha ein organisasjon som også fungerer når krisa treffer oss. Vi lærte mykje i dag, samstundes som vi identifiserte fleire ting som vi må gjera annleis ved neste høve, seier beredskapssjefen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 23.04.2026 16.09