Opna julegate på Stranda skule

Elevrådet har over tid jobba med å få til ein ny tradisjon ved Stranda skule. Dei ønskte å gjera noko kjekt for elevar og vaksne ved skulen; dela litt juleglede. 

Frå julegateopninga på Stranda skule - Klikk for stort bileteFrå julegateopninga på Stranda skule

Fau kjøpte 2x100 meter med lyslenkjer til elevrådet, og elevrådet fekk noko hjelp frå vaksne på skulen og hengt opp lysene ute. 

Fredag 5. desember vart den første julegateopninga skulen har hatt. Elevrådsstyret ønskte alle velkomne. Det vart allsong av «Tenn lys», og julegata vart tent. Det var ei fin og høgtidsstemt seremoni. 

Nokre av medlemene i elevrådet. - Klikk for stort bileteNokre av medlemene i elevrådet.

Då alle trinna hadde gått gjennom julegata, stod elevrådet på skuleplassen og delte ut klementinar som Rema 1000 og Spar Steinsland hadde gitt til elevrådet for utdeling på skulen.   


Helsing Elevrådet på Stranda skule