Frå drøfting i pausen. Frå venstre Jonas Aleksander Foldnes (SV), Robert Lund (INP), Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og Espen Stølsnes Harkestad (Ap).Formannskapet var samla til møte på tysdag.
Etter forslag frå ordførar Tom Georg Indrevik vart det samrøystes tilrådd at løyvinga vert finansiert innanfor for gjeldande budsjett.
På grunn av manglande finansiering, vedtok kommunestyret i mai 2025 å ikkje å gå inn med kommunal medfinansiering.
Det er den siste tida kome privat initiativ frå innbyggjarane på Geitanger som er villige til å samla inn midlar til å delfinansiera kostnadene med ny kontrakt. Innbyggjarane/rettshavarar på Geitanger kan forplikta seg til å gå inn med 230 tusen kroner årleg, noko som utgjer om lag ein tredel av ny kontraktssum. Fylket set som krav at Øygarden kommune dekkjer siste sjettedel av kontraktssummen (om lag 130 tusen kroner) for å ha eit grunnlag for å lysa ut ny kontrakt.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Ordførar Tom Georg Indrevik orienterte om bakgrunne for saka om båtrute til Geitanger.Tilrår å justera budsjettet
Det vart tilrådd å ta kvartalsrapport pr. 31. mars til orientering. I tilrådinga til kommunestyret vert det bede om at saka kjem tilbake til formannskapet og kommunestyret i juni-møtet slik at eventuelle budsjettjusteringar vert gjort då.
Kommunedirektøren skriv i saka at det har vore ei positiv utvikling i den økonomiske situasjonen i Øygarden kommune det siste året. Per mars 2026 er status at netto driftsresultat er 16,8 millionar kroner betre enn periodisert budsjett hittil i år. Likevel er det utfordringar på nokre område. Per no ønskjer ikkje kommunedirektøren å gjennomføra omfattande og inngripande tiltak, men heller jobba vidare for å få drifta i balanse. Det er spesielt Helse og velferd som opplever stort press i dag, noko som er i samsvar med utviklinga med stadig fleire eldre som treng omsorgstenester frå kommunen.
Saka går til behandling i kommunestyret.
Sel kommunal kai
Formannskapet vedtok at Øygarden kommune deler frå parsell kommunal kai i Stegavika (gbnr. 234/180) og legg han ut på den opne marknaden for sal, saman med tilhøyrande veg (bnr. 183). Kommunedirektøren får fullmakt til å selja eigedomane til marknadspris.
Kommunen har innhenta takst for kaien. Taksten for kaien er 1,35 millionar kroner og veg med tilhøyrande areal er 988 tusen kroner (justert for konsumprisindeksen).
Gruppemøte i fleirtalspartia (Høgre, frp, Sotralista TVØ og KrF).Tilrår avtale om bruk av Sotra fotballhall
Formannskapet tilrår at kommunen sluttar seg til hovudpunkta i ein avtale mellom Øygarden kommune og Sotra Sportsklubb om bruk av Sotra fotballhall.
Avtalen inneber mellom anna at Sotra Sportsklubb reduserer leigeprisen med 25 prosent for lokale klubbar og idrettslag frå Øygarden kommune, basert på gjeldande prisnivå per 1. mai 2026. Sotra Sportsklubb skal setja av faste tider til utleige for lokale klubbar og idrettslag frå Øygarden kommune.
Eitt punkt (1.3) der det heiter at «dersom andre aktørar kan betala full leige, prioriterer Sotra Sportsklubb desse», vert tilrådd teke ut.
Kommunestyret vedtok i februar å løyva eín million kroner og å forskottera spelemidlar på 1,7 millionar kroner til utskifting av kunstgrasdekket i fotballhallen ved Sotra Arena. Det var ein føresetnad at lokale klubbar kan nytta hallen til reduserte vilkår. Det er hovudpunkta til ein slik avtale som no ligg føre.
Saka vert behandla i kommunestyret 7. mai.
Vil selja gamle skular
Formannskapet tilrår at gamle Glesnes skule, Telavåg skule, Algrøy skule og Sund skule (gymnastikksalen) vert selde til dei lokale grendelaga ved å signera avtalane som ligg ved.
Kommunedirektøren får fullmakt til å selja, endra eller utvikla eigedomane dersom grendelaga ikkje godtek avtalane om overføring.
Formannskapet slutta seg til tilrådinga frå plan- og miljøutvalet om at dersom grendelaga ikkje godtek avtalane om overføring, skal eigedomane koma tilbake som ei eiga sak til politisk behandling innan utgangen av hausten 2026. Alle avtalar skal vera likelydande.
Kommunedirektøren skriv i saka at ved å overføra eigedomane til grendelaga for ein symbolsk kjøpesum på kr 1 kan ein styrkja lokalsamfunna ved å leggja til rette for lokalt eigarskap, engasjement og frivillig innsats. Ei slik løysing kan bidra til å sikra vidare bruk og aktivitet i bygga, tilpassa lokale behov. Samstundes kan kommunen redusera framtidige kostnader til drift og vedlikehald.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Vil oppretthalda dagens nivå på tilskot til Øygarden kyrkjelege fellesråd
Etter framlegg frå Høgre, Frp og Venstre tilrådde formannskapet med sju røyster (Høgre, Frp, KrF og Sotralista TVØ) at dei økonomiske rammeoverføringane til kyrkjeleg fellesråd skal for 2027 oppretthaldast på 2026-nivå justert med deflator frå statsbudsjettet. Det heiter vidare
Vidare skal kommunen så snart som mogleg, og seinast i september 2026, vedta to samarbeidsavtalar (jf. ansvaret til kommunen etter lov om trus- og livssynssamfunn § 14); avtale for leveranse av lovpålagde tenester og avtale for aktivitetar og andre samfunnsoppdrag.
Det vart vidare tilrådd at kommunen og kyrkja skal ha dialog med drøftingar og prioriteringar før møtet i juni. Fellesrådet skal leggja fram eit notat til møtet i formannskapet i juni som viser planar for omstilling og effektivisering. Kommunen skal i vurderingane sine også ta omsyn til det samla bidraget kyrkja gjev til lokalsamfunnet, og til tenestene kyrkja yter.
Mindretalet (Ap, SV og INP) slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om prinsippet at Den norske kyrkja skal inngå i kommunen sine samla vurderingar av økonomisk omstilling og at kommunen framleis skal oppfylla sine lovpålagde plikter ovanfor Den norske kyrkja, inkludert forsvarleg finansiering av drift, vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassforvaltning. Vidare skal kommunen sikra god dialog med kyrkja og medverke til føreseielegheit gjennom tidleg varsling av endringar.
I saksutgreiinga går det fram at i 2026 er tilskotet til fellesrådet 35,4 millionar kroner. I tillegg kjem reinhaldsteneste gjeve som tenesteyting til ein verdi av 720 tusen kroner. Gjennom ei samanlikning med andre kommunar av tilsvarande storleik og struktur, kjem det fram at vårt kommunale kyrkjetilskot ligg høgare enn nivået i samanliknbare kommunar. Dette indikerer at det er mogleg å justere tilskotsnivået utan at vi går under eit nivå som andre kommunar reknar som fagleg og økonomisk forsvarleg.
Vil samla drifta for bustadforvaltning
Formannskapet tilrår å samla drifta av Øygarden kommunale bustadforvaltning KF og Bustadstiftinga. Dette samsvarar med innstillinga frå fleirtalet i ei arbeidsgruppe.
I tilrådinga til kommunestyret heiter det at ein vil ha ei meir samordna kommunal bustadforvaltning, med eín inngang for innbyggjarane, samla vurdering av ledige bustader og tydelegare skilje mellom bustadsosiale tenester og eigedomsforvaltning.
Det vert vidare bedt om at kommunedirektøren, i dialog med Øygarden bustadforvaltning KF og Bustadstiftinga, førebur ein felles driftsmodell som kan gjennomførast uavhengig av utfallet i Stiftelsesklagenemnda.
Kommunestyret forventar at styra i Øygarden bustadforvaltning KF og Bustadstiftinga medverkar til nødvendige avklaringar, avtalar og retningslinjer som kan leggje til rette for samordna drift og felles tildelingspraksis.
- Kommunedirektøren legg fram ny sak om endeleg organisering når Stiftelsesklagenemnda si avgjerd ligg føre, eller når nødvendige avtaleavklaringar er klare, heiter det i tilrådinga frå formannskapet.
I saka viser kommunedirektøren til at i mars 2025 vedtok kommunestyret å oppheva Bustadstiftinga. Stiftelsestilsynet gjorde i november 2025 vedtak om å nekte å registrera Øygarden kommune sitt vedtak om å oppheva stiftinga. Saka vart påklaga av kommunen. Stiftelsestilsynet behandla klagen og i mars 2026 stadfesta tilsynet at det oppretthaldt vedtaket. Opphevingssaka er vidaresendt frå tilsynet til Stiftelsesklagenemnda for avgjerd.
Tilrådinga vart gjort med 10 røyster. Frp røysta imot og grunngav det med at kommunen bør venta med å ta stilling til saka til Stiftelsesklagenemnda endeleg har avgjort opphevingssaka.
Andre saker
- Formannskapet tilrår å ta finansrapport per 31. mars til orientering slik han ligg føre.
- Formannskapet tilrår endring i forskrift om politivedtekt for Øygarden kommune i samband med fotball-VM sommaren 2026. Konkret gjeld endringa reglane om nattero.
- Det vart behandla seks klagesaker
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak av møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke