Ønskjer ikkje å opna bassenget ved Fjell ungdomsskule

Plan og miljøutvalet slutta seg samrøystes til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at bassenget ved Fjell ungdomsskule ikkje vert opna. Det vert lagt til grunn at behovet for lovpålagt symjeopplæring vert ivareteke gjennom eksisterande bassengkapasitet ved Stranda, Ågotnes og Hjeltefjorden.  

Symjebassenget ved Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bileteSymjebassenget ved Fjell ungdomsskule Øygarden kommue

Arbeidarpartiet føreslo eit tilleggspunkt om at administrasjonen skulle sjå på moglegheita om bassenget på Ulveset kan brukast for framtidig symjeopplæring for både Fjell og Ulveset. Dette fekk fire røyster (Ap, SV og INP) og dermed ikkje fleirtal. Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF og INP røysta imot.

I saka skriv kommunedirektøren at gjennomgangen viser vidare at bassenget ved Fjell ungdomsskule har eit omfattande oppgraderingsbehov og har nådd sin tekniske levealder. Ei opning av bassenget krev betydelege investeringar og vil medføra årlege driftskostnader utover det som er sett av i driftsbudsjettet. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Vil å selja gamle skular

PMU tilrår at kommunedirektøren får fullmakt til å overføra gamle Glesnes skule, Telavåg skule, Algrøy skule og Sund skule (gymnastikksalen) til dei lokale grendelaga ved å signera avtalane som ligg ved. 
Kommunedirektøren får fullmakt til å selja, endra eller utvikla eigedomane dersom grendelaga ikkje godtek avtalane om overføring.

Etter forslag frå fleirtalspartia vart det tilrådd at dersom grendelaga ikkje godtek avtalane om overføring, skal eigedomane koma tilbake som ei eiga sak til politisk behandling innan utgangen av hausten 2026. Alle avtalar skal vera likelydande.

Kommunedirektøren skriv i saka at ved å overføra eigedomane til grendelaga for ein symbolsk kjøpesum på kr 1 kan ein styrkja lokalsamfunna ved å leggja til rette for lokalt eigarskap, engasjement og frivillig innsats. Ei slik løysing kan bidra til å sikra vidare bruk og aktivitet i bygga, tilpassa lokale behov. Samstundes kan kommunen redusera framtidige kostnader til drift og vedlikehald.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilrår å selja kommunal kai

PMU tilrår at Øygarden kommune frådeler parsell kommunal kai i Stegavika (gbnr. 234/180) og legg han ut på den opne marknaden for sal, saman med tilhøyrande veg (bnr. 183). Kommunedirektøren får fullmakt til å selja eigedomane til marknadspris.

Kommunen har innhenta takst for kaien. Taksten for kaien er 1,35 millionar kroner og veg med tilhøyrande areal er 988 tusen kroner (justert for konsumprisindeksen).

Saka går til endeleg behandling i formannskapet.

Legg områderegulering på ny høyring

PMU vedtok at områderegulering for Energiparken, Blom, vert lagt ut på ny høyring. 

Bakgrunnen for saka er at PMU i januar 2026 sende planen på avgrensa høyring basert på to innspel som krev høgare byggehøgde. Både Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune legg til grunn at desse endringane krev full høyring av planen. 

Under høyringsperioden vert det lagt til rette for kontordag der innbyggjarar kan koma for å stilla spørsmål og få orientering om planen.

Forskrift om opning av jakt på hjort på høyring

PMU godkjende at forslag til forskrift om opning av jakt på hjort, minsteareal som grunnlag for fellingsløyve og fellingsavgift for hjort i Øygarden kommune, vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Denne saka gjer greie for hovudendringane etter høyringa i 2025 og tilråding om at områdeplanen vert sendt på ny høyring. Under høyringsperioden vil det verte lagt til rette for kontordag der innbyggarar kan koma for å stilla spørsmål og få orientering om planen.

Legg plan for Heimavågen på høyring

Utvalet vedtok å leggja detalregulering for Heimavågen, Vindenes, ut til offentleg ettersyn. 
Kommunedirektøren hadde innstilt at før planen vert lagt ut på høyring, må plandokumenta oppdaterast med nokre endringar.

Etter forslag frå fleirtalspartia (Høgre, Frp, Sotralista -TVØ og KrF) vart det samrøystes vedteke å ta vekk forslaget frå kommunedirektøren om oppdatering av plandokumenta.

Det vert varsla at to andre reguleringsplanar vert oppheva dersom planen vert vedteken. 

Planområdet ligg om lag 2 km nord for Ågotnes sentrum, innanfor senterstrukturen definert i samfunnsplanen. Planområdet er på om lag 102 dekar og ligg på Vindenes. Formålet med detaljreguleringa er småbåthamn (60 båtplassar), naust, næring og nærmiljøanlegg. 

Området er sett av til småbåthamn, næring og LNF i kommuneplanen (2015) og er omfatta av fleire reguleringsplanar. Ved vedtak av planen vert to reguleringsplanar oppheva. Planen vert no lagt ut til offentleg ettersyn slik han ligg føre, etter at plandokumenta er oppdatert i samsvar med framlegg til vedtak i saka.

Går vidare med planprosess for Branndalsåsen

Då dette planframlegget var på høyring i 2018, kom det motsegn. Desse vart løyste, med eitt unnatak.

Kommunen ønskjer å få sluttført planarbeidet slik at utviklinga av området kan starta opp i samsvar med nylege vedtekne strategiar for Straume. Kommunedirektøren vurderer på dette grunnlaget at planområdet bør reduserast ved å ta ut den vestre delen før det vert arbeidd vidare med planen. Dette vil bidra til å avgrensa omfanget av planarbeidet og redusera planrisikoen.

PMU sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å arbeida vidare med alternativ 3. Ved å redusera planområdet, kan ein leggja til rette for ein meir effektiv prosess med raskare framdrift og lågare planrisiko. Som del av arbeidet med ny KPA, vil kommunen gjennomføra ei konsekvensutgreiing av området, i samsvar med innsendt innspel.

Klagesaker

Utvalet behandla fire klagesaker.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er opptak frå møtet på kommune-TV.

Tekst: Vigleik Brekke