Ønskjer dialog om kommunedelsenteret som møteplass
Øygarden kommune ønskjer å utvikla attraktive kommunedelsenter. Ordførar Tom Georg Indrevik vil gjerne ha innspel om dette på ei uformell samling på innbyggartorget og biblioteket i Skogsskiftet.
Innbyggartorget og biblioteket i SkogsskiftetTorsdag 19. februar klokka 14.00-15.00 er ordføraren saman med kultursjef Marian Guddal Hansen og biblioteksjef Yngvild Wiese på plass på innbyggartorget og biblioteket til ein kopp kaffi og samtale om korleis det kan leggjast til rette for ein god møteplass på kommunedelsenteret.
- Eg trur at med ein god dialog med brukarane av innbyggartorget og biblioteket, frivillige aktørar og næringsaktørar kan vi gjera kommunedelsenteret endå meir attraktivt, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Publisert 11.02.2026 09.08