Ønskjer å utnytta tilgjengelege areal

Eldrerådet er opptatt av at det er god tilgang til natur i kommunen og at det vert lagt til rette for fornuftig bruk av tilgjengelege areal.

Frå gruppearbeidet. Frå venstre; Berit Anita Knudtsen Larsen, Elna Nybakk og Kari Johnsen. - Klikk for stort bileteFrå gruppearbeidet. Frå venstre; Berit Anita Knudtsen Larsen, Elna Nybakk og Kari Johnsen.

Eldrerådet drøfta torsdag utkastet til strategiar om verdiar i Øygarden som vi skal ta vare på i framtida. Grunnlaget for drøftinga var utkast til strategiar om verdiar i Øygarden som er ein del av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.

I møtet var det gruppearbeid med spørsmål om kva verdiar eldrepolitikarane ønskjer at Øygarden skal ta vare på i lokal- og kommunedelsentera.

Etter gruppearbeidet peika fleire på at kvar bygd må bli teken vare på og at vi unngår for mykje sentralisering. Folk er oppteken av å ha god tilgang til sjøen og at det må lagast ein god plan for korleis strandsona skal bevarast og utnyttast. Planen for bruk av strandsona må vera konkret og at det vert lagt til rette for universell tilkomst.

Til våren 2025 vert det presentert eit samla bilete av strategiar og prinsipp om verdiar og utvikling i Øygarden. Desse vil bli presenterte ut i frå senterstrukturen i kommunen. Då vert det også føreslått ei endeleg geografisk avgrensing av kommunedelsentera og lokalsentera, og kvar i sentera vi skal fortetta og forsterka handels- og tenestetilbodet.

Det var ikkje gjort vedtak i saka.

Leiar i eldrerådet, Egil Haaland, opplevde drøftinga som konstruktiv. 

- Det viser at det er viktig å ha eit eige organ som har livserfaring og set fokus på behovet som ei underrepresentert gruppe i hovudutval og kommunestyre.  

Han minner elles om at det er fullt mogleg å ta opp saker med, og i, eldrerådet. Det kan skje ved å møta opp og presentera dei sjølve møtet eller ved å senda inn innspel til administrasjonen om aktuelle saker.  

Andre orienteringar

Leiar i eldrerådet, Egil Haaland, gav aktuell informasjon:

  • Kommunestyret har vedteke budsjett for 2025. På møtet i eldrerådet i februar vert handlingsplanen teken opp til revisjon.
  • Eldredagen i 2025 er tidfesta til 1. oktober. Når eldrerådet drøftar handlingsplanen bør rådet ta stilling til kva som det skal setjast fokus på denne dagen. 
  • Postutvalet har kome med rapporten sin. Leiaren i eldrerådet legg fram forslag til uttale til rapporten på møtet i februar.
     

Spesialrådgjevar i Helse og velferd, Janne Mo, orienterte om «turnover» av helsearbeidarar i Øygarden kommune.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke