Elisabeth Erichsen Sandvik (H) var ein av medlemene i PMU som talte for å erstatta tapte parkeringsplassar.Kommunedirektøren hadde innstilt på at kommunen ikkje skal byggja nye erstatningsplassar. Tilsette skulle oppmodast om å gå, sykla eller å bruka kollektivtransport til jobb. Ein skulle også sjå nærare på effektivisering av attverande kommunale parkeringsplassar.
Michael Sangolt (H) presenterte eit alternativt forslag på vegner av Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF. Forslaget fekk også tilslutnad frå INP og fekk åtte røyster. Mindretalet (Arbeidarpartiet og SV) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren.
I tilrådinga til kommunestyret seier PMU at ved bortfall av parkeringskapasitet som følgje av bygging av nye heildøgnsplassar og Sotrasambandet, skal kommunen heilt eller delvis erstatta desse med nye parkeringsplassar, tilnærma alternativ tre i saksframlegget. Erstatning for parkeringsplassar ved dei nye heildøgnsplassane må vera på plass før riving av noverande parkeringsanlegg.
- Kommunedirektøren skal likevel oppmoda tilsette til å gå, sykla eller bruka kollektivtransport til jobb, og leggja til rette for dette, noko som også kan innebera formelle prosessar med dei tilsette for å landa rammene for bruk av kommunale parkeringsplassar, heiter det i innstillinga.
Utvalet ber kommunedirektøren å koma tilbake med eit grovt kostnadsoverslag for alternativ tre til kommunestyremøtet 13. februar 2025.
Her kan du lesa heile tilrådinga. (PDF, 91 kB)
Tilrår ikkje eige kommunalt mobilitetsselskap
Plan- og miljøutvalet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at Øygarden kommune skal arbeida vidare med mobilitetsløysingar i kommunen som eit prosjekt i Framtidssamfunnet.
I saka har kommunedirektøren vurdert om kommunen bør oppretta eige mobilitetsselskap. Bakgrunnen for bestillinga av denne saka er eit ønske om å kunna etablera eit betre og meir effektivt tilbod enn det Skyss leverer i dag.
Kommunedirektøren vurderer det som lite truleg at kommunen stettar krava til å kunna verta vurdert som søkegod for å overta ansvar for drift av kollektivtrafikken frå fylket/Skyss. Han tilrår difor at det ikkje vert arbeidd med å overføra ansvaret for kollektivtrafikken frå fylket til kommunen. Han meiner at kommunen kan arbeida med alternative mobilitetsordningar kan gjerast gjennom Framtidssamfunnet. Utvalet slutta seg til dette.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Her kan du lesa meir om Framtidssamfunnet.
Tekst og foto: Vigleik Brekke