Kunngjeringsdato: 05.05.2026
Merknadsfrist: 19.06.2026
Saksnummer: 20/7533
Arealplan-ID: 124620170005
Opne i plankart
Plandokument
Status: Offentleg ettersyn
Gardsnamn: Vindenes
Vedtak i utval for plan (UFP)
Plan- og miljøutvalet i Øygarden kommune har i møte den 23.04.2026, i sak 024/26, gjort vedtak om at forslag til detaljregulering for Heimavågen GBNR 26/180 m.fl. - Vindenes, planID: 124620170005, vert lagt ut til offentleg ettersyn og høyring i samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10. Vedtak følgjer under:
«Vedtak i Plan- og miljøutvalet - 23.04.2026 - 024/26 | Plan- og miljøutvalet har slik vedtak i saka:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-11, godkjenner plan- og miljøutvalet at forslag til
detaljregulering for Heimavågen, gnr. 26, bnr. 180, 181 m. fl. – Vindenes, planID:
124620170005, vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Med heimel i pbl. § 12-14 vert det varsla at ved vedtak av reguleringsplanen vil følgjande
reguleringsplanar verte oppheva: reguleringsplan for Vindenes, plan id 124619900006, og
utbyggingsplan for Vindenes, plan id 124620060045».
Kort om planen
Planområdet ligg på Vindenes. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for småbåthamn, naust, utvide næringsformål og legge til rette for nærmiljøfunksjonar.
I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til næring, småbåthamn både på land og
sjø, andre typar bygningar og anlegg (naust) og LNF.
Følgjande reguleringsplanar er heilt eller delvis innafor plangrensa:
- reguleringsplan Barneshaugen, Vindenes, plan id 124619740004
- reguleringsplan for Barneshaugen, Vindenes nedre del, plan id 124619980001
- reguleringsplan for Ågotnes – Vindenes, plan id 124619860002
- reguleringsplan for Vindenes, plan id 124619900006
- utbyggingsplan for Vindenes, plan id 124620060045
Ved vedtak av reguleringsplan for Heimavågen vil reguleringsplan for Vindenes og utbyggingsplan for Vindenes verte oppheva. Det vert med dette varsla oppheving av desse planane.
Les meir om planen i saksframlegget og planskildringa.
Dokument i saka
Plandokument er tilgjengeleg i det offentlege planregisteret til kommunen.
Plankart og illustrasjon
Plankart
Illustrasjonsplan
Illustrasjon av fellesnaust og småbåthamn.Saksgang
Grunneigarar, naboar og andre interesserte vert i denne fasen invitert til å koma med merknader og innspel til planforslaget. Kommunen og forslagsstillar vil vurdere alle merknadar som kjem inn i høyringsperioden. Etter gjennomgang av merknadane, og eventuell omarbeiding av planforslaget, vert saka teke opp til politisk behandling for endeleg vedtak. Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 20/7533.
Har du merknadar til planarbeidet?
Eventuelle merknadar og innspel kan formidlast kommunen som:
Frist for å koma med merknad er sett til: 19.06.2026.
Generelle opplysningar
Merknadar som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å vurdere eventuelle endringar i planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarar difor ikkje på merknadar enkeltvis. Minner også om at merknader er å rekna som offentlege dokument, og kjem på postlistene til kommunen. Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnr. 20/7533.