Nytt røykjeforbod på leikeplassar og idrettsområde
Frå 1. januar vart det forbode å røykja på leikeplassar og utandørs idrettsområde. Røykeforbodet gjeld på leikeplassar der allmenta har tilgang og gjeld både tobakksvarer og e-sigarettar/vape.
Ill.foto. Uteområdet ved Sund ungdomsskuleMed leikeplass meiner ein eit område, opparbeidd eller naturleg, som er tilgjengeleg og tilrettelagt for leik for barn. Helsedirektoratet skriv på nettsida at leikeplass som berre er tilgjengeleg for ein avgrensa krins av personar ikkje er omfatta av røykeforbodet.
Utandørs idrettsområde
Røykeforbodet gjeld på område utandørs som er opparbeidd for eller tilpassa med det formål at det skal brukast til idrett. Dette kan for eksempel vera ein fotballbane eller friidrettsbane. Eventuell tilskodarplass på tribunar og sidelinje og utandørs garderobar og klargjeringsplass for utøvarar er også omfatta av røykeforbodet.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 06.01.2026 14.37