Einingsleiar Eivind Flem har tru på prosjektet.Oppstart i prosjektet “vår nye ressurs”
Dei tolv servicemedarbeidarane er tilsett ved Fjell sjukeheim, Straume Bu- og servicesenter, Sundheimen, Øygarden lokalmedisinske senter, Kvednatunet og Tednebakkane omsorgssenter. Dei to første servicemedarbeidarane starta opp ved Fjell sjukeheim 1. februar, medan dei ti siste starta opp på dei fem andre tenestestadane 1. mars.
Bakgrunnen for prosjekt er todelt. Det handlar både om behovet for å sikra meir riktig bruk av kompetanse gjennom oppgåvedeling, og å legga til rette for arbeidsplassar for innbyggarar utan formell utdanning. Dette vert særskilt viktig i ei tid med knappheit på helsefagleg personell. Frå 2025 har det vore ein nedgang i pleiefaktoren ved institusjonane i Øygarden kommune. Dette er delvis er kompensert ved tilsettinga av servicemedarbeidarar.
Prosjektet er eit samarbeid med Nav, som har hjelpt til med å finna gode kandidatar til stillingane, og kommunen får lønstilskot for dei tilsette. Ved å la servicemedarbeidarane ta seg av praktiske oppgåver, kan det faste helsepersonellet fokusera på pleie og medisinske oppgåver. Dette bidreg til ei meir effektiv og målretta bruk av ressursane ved institusjonane.
Har tru på prosjektet
Eivind Flem, einingsleiar ved Fjell Sjukeheim, har forventingar til prosjektet:
- Dette prosjektet er svært positivt for oss. Servicemedarbeidarane kan bidra til å letta arbeidsmengda for det faste personalet, og vi ser allereie gode resultat. Det er flott å sjå korleis dei nye medarbeidarane har integrert seg og bidrege til eit godt arbeidsmiljø, seier einingsleiar Eivind Flem.
I tillegg til å styrkja kapasiteten ved institusjonane, får kommunen også utvikla og prøva ut oppgåvedeling i praksis. Gjennom prosjektet får den einskilde arbeidserfaring som servicemedarbeidar og vil i samarbeid med Nav etter kvart få tilbod om pleieassistentkurs som skal verka kvalifiserande for vidare arbeid. Det er ti kvinner og to menn som er teke inn i prosjektet og dei fleste er komne til kommunen som flyktningar, nokon så langt som meir enn 10 år tilbake i tid.
Vil bidra til ein meir inkluderande arbeidslivmodell
Øygarden kommune ønsker å oppnå ein meir inkluderande arbeidslivsmodell som kan gi eit godt omdømme og verka som eit føregangsbilete for andre både private og offentlege aktørar. Prosjektet er nyleg starta opp og ein vil kome attende med meir informasjon og tilbakemeldingar om korleis dette fungerer.
Prosjektleiar Monica Pedersen har også tru på at prosjektet kan overførast til andre område i kommunen:
- Kommunen har høgt sjukefråvær og vil mangla arbeidskraft i framtida, samtidig som vi har ein stor del personar som er utanfor arbeidslivet. Her ligg det med andre ord eit stort potensiale til å etablera fleire liknande prosjekt, seier prosjektleiar Monica Pedersen.
Eit samarbeid med NAV kan også vera viktig for å sikra berekraftig utvikling.
- NAV har ulike verktøy og støtteordningar, og også tilgang på ressursar i form av personar som er arbeidsledige. Ved eit systematisk samarbeid og auka bruk av verkemidlar i Nav, har eg god von på at vi på sikt kan utvikla denne modellen også utanfor helse- og velferdsområdet, seier prosjektleiaren.
Tekst og bilete: Monica Pedersen og Elin Helland-Jooste