Nye rektorar på Tjeldstø og Brattholmen
Belinda Hellesund er tilsett som rektor på Tjeldstø skule, og Ingunn Kjelby tar over som rektor på Brattholmen skule.
- Det er to svært kompetente lærarar med lang erfaring som vert rektorar, seier skulesjef Rune Golf.
Tjeldstø skule (til venstre) og Brattholmen skuleBelinda Hellesund vert rektor på Tjeldstø skule etter Christine Taule. Frå 1. april er Elisabeth Gravem Sanden konstituert som rektor.*
Ingunn Kjelby er avdelingsleiar på Brattholmen skule. Ho har vore tilsett på skulen sidan 1997. Kjelby tar over som rektor etter Ingvill Kvalsnes Blom.
Dei to nye rektorane tek til 1. august.
Skulesjef Rune Golf gler seg over å ha fått på plass rektorar på Tjeldstø og Brattholmen.
- Dette er to svært kompetente leiarar med lang erfaring som har høg grad av tillit i eigen organisasjon. Vi har stor tru på at dei nye rektorane vil vera viktige bidrag til å utvikla skulane vidare. Dei er hjarteleg velkomne i rektorkollegiet og på skulane, seier skulesjefen.
* Retta kl. 12.20. Då artikkelen vart lagt ut måndag føremiddag, stod det at Linda Færestrand var rektor.
Publisert 01.06.2026 10.00