Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora for å markera det nye lokalet for offisielt opna. Til venstre; dagleg leiar i Basecamp Martin Ingvaldsen.Basecamp arbeidspraksis er samansett av sykkelsal/verkstad, repro og matbank og er no lokalisert i andre etasje i Jula-bygget i Straumsfjellvegen 1. Det er god parkering ved inngangen. Dette gjer det enkelt for kundane som skal henta og bringa inn syklar.
- Eg er svært glad for at vi gjennom mange år har klart å halda på konseptet Basecamp. Tidlegare stortingspresident Tone Trøen ha trekt fram dette tiltaket etter at ho i si tid vart kjent med det. Eg vil takka eigarane i Basecamp senteret (Thon Senter Sartor), kyrkja og kommunen. Har vi fokus på løysing, då får vi det til, sa ordføraren.
SykkelutstillingDagleg leiar Martin Ingvaldsen roste alle dei tilsette som har stått på i flytteprosessen.
- Lokala her er litt mindre enn det vi har hatt fram til no. Men det har gått seg til etter litt krympesmerte. Bidraga frå ei tre eigarane er viktig for oss. Då kan vi skapa ein arena for meistring der ungdom trur på seg sjølv og finn vegen vidare i livet. Vi hadde heller ikkje klart å gjera dette utan frivillige, seier Ingvaldsen.
Han opplyser at mellom 10 og 15 personar er engasjert på dette senteret. Lokalet er no redusert frå om lag 600 hundre til 400 kvadratmeter.
- Det inneber litt mindre plass til utstilling av syklar, men med hjelp av finn.no og andre digitale plattformer skal vi få dette til, seier han.
Sykkelansvarleg Joachim AndreassenJoachim Andreassen er sykkelansvarleg i dei nye lokalet på Straumsfjellet.
- Eg er jo litt spent på korleis det vil gå i dei nye lokale. Det er viktig at folk vert kjende med kvar vi no held til. For meg er det viktig å vera med på å hjelpa ungdom til å få ein trygg kvardag. I tillegg får eg driva med det faglege. I løpet av 2026 har eg fått fagbrev i sykkelmekanikarfaget, seier han.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke