Ny stolt rektor tok imot 43 førsteklassingar

- Eg er like stolt over dykk som eg var av landslaget tidlegare i sommar. Det sa den nye rektoren på Brattholmen skule, Ingunn Kjelby, torsdag føremiddag. Både rektoren og ordførar Tom Georg Indrevik tok på seg hattar med norske fargar på den første skuledagen.

Håvard Lillebø Krekvik helste på rektor Ingunn Kjelby på den første skuledagen. - Klikk for stort bileteHåvard Lillebø Krekvik helste på rektor Ingunn Kjelby på den første skuledagen.

Det er to førsteklassar med til saman 43 elevar på Brattholmen dette skuleåret. På skulen er det totalt 352 elevar. I heile kommunen, inklusive Danielsen, var det 471 førsteklassingar som hadde sin aller første skuledag i dag.

På skuleplassen var dei 43 førsteklasseelevane og foreldre på plass. Kvar elev gjekk på raud løpar fram og helste på rektor Ingunn Kjelby. Kjelby har vore tilsett på Brattholmen skule sidan 1997 og kjenner kvar ein krok på skulen.

- Eg har grugledd meg til denne dagen. Men først og fremt er eg kjempeheldig som får vera rektor på denne skulen. Og så er eg stolt av at vi har fått besøk av ordføraren, sa rektoren.

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at skulen leverer ein av dei viktigaste tenestene i kommunen.

- Sjølv gjekk eg på Kolltveit skule, og har no gleda av å ha det første barnebarnet mitt på den skulen. Eg takkar alle for viktige bidrag til Øygarden kommune, sa ordføraren.

Rektor Ingunn Kjelby og ordførar Tom Georg Indrevik hadde landslagshattane på for å visa kor stolte dei er av elevane. - Klikk for stort bileteRektor Ingunn Kjelby og ordførar Tom Georg Indrevik hadde landslagshattane på for å visa kor stolte dei er av elevane.

Spelar på lag

Rektor Ingunn Kjelby understreka at her på skulen skal ein spela på lag.

- Vi treng samarbeida om vi skal spela på lag. Dette vert supert, og vi gler oss mykje å koma i gang, sa ho før elevane og foreldra gjekk inn i dei to klasseromma.

Ein av dei stolte, men også spente førsteklassingane, var Håvard Lillebø Krekvik (1a).

- Eg vil gjerne få kjøpt ei bok eg både kan lesa og skriva i. Eg vil også teikna bilar, slangar og Pokemon. Eg trur dette vil gå fint, seier Håvard.

Håvard likar å spela fotball, og dagen før var det avslutning på fotballskule. Han har fleire vener, blant anna Fabi, Edvin og Emil. 

- Eg spelar sjakk med Emil, men det vanskelegaste er å spela sjakk med pappa. Han er «dødsgod» i sjakk, seier Håvard.

Elise Rigstad-Alvær ønskte elevane velkomne i klasserommet. - Klikk for stort bileteElise Rigstad-Alvær ønskte elevane velkomne i klasserommet.

I klasserommet tek kontaktlærar Elise Rigstad-Alvær imot klasse 1a. Ho «syng elevane fram» til ei fellesstund framme i klasserommet der elevane ein etter ein fortel kva dei heiter og kva dei likar å leka med.  

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke