Ny nettside for pårørande i Øygarden kommune

Gjennom eit læringsnettverk arrangert av Utviklingssenter for heimetenester og sjukeheim, har ei gruppe på fire deltakarar frå Øygarden kommune møtt jamleg og deltatt på samlingar i Bergen. Målet har vore å utvikla eit prosjekt for å styrkja samarbeidet med pårørande.

Gruppa som  har arbeidd med å styrkja samarbeidet med pårørande. Frå venstre; Inger Fosse (kreftkoordinator), Kari-Anne Glesnes (heimetenesta), Hege Tveit (demenskoordinator) og Alyce Levik (ergoterapeut på Tednebakkane omsorgssenter). - Klikk for stort bileteGruppa som har arbeidd med å styrkja samarbeidet med pårørande. Frå venstre; Inger Fosse (kreftkoordinator), Kari-Anne Glesnes (heimetenesta), Hege Tveit (demenskoordinator) og Alyce Levik (ergoterapeut på Tednebakkane omsorgssenter).

No vert det lansert ei nettside for pårørande. 

Nettsida inneheld informasjon om:

  • Kven som reknast som pårørande
  • Kven som kan få informasjon, tilbod og støtteordningar
  • Rettar for pårørande
  • Teieplikt og samtykke
  • Klage på helse- og omsorgstenester


Dette blir ikkje berre ein ressurs for pårørande, men også for tilsette som har kontakt med pårørande. Sida er framleis under utvikling. Gruppa ønskjer både positive og konstruktive tilbakemeldingar .

Kontakt gjerne: alyce.levik@oygarden.kommune.no