Nora Engeberg Risnes var ein av 23 elevar i dei tre tidlegare kommunane (Sund, Fjell og Øygarden) som i 2019 presenterte framtidstankane sine om den samanslåtte kommunen, Øygarden.
No har Øygarden passert fem år, og vi har spurt fire av elevane korleis dei opplever den nye kommunen - fem år etter. Er forventningane innfridde og kva tankar har dei for Øygarden kommunen framover.
For fem år sidan gjekk Nora i 1. klasse og tenkte at ho ville bli sjukepleiar eller lærar i Øygarden når ho vart stor.
No vil ho bli politi.
- Skal eg i framtida bu og arbeida i Øygarden må det vera ledig jobb som politi, seier Nora som framleis opplever at det er godt å bu i kommunen.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto/video: Jøran Ingvaldsen/Vegar Moe Nilsen
Publisert 28.01.2025 11.01