- No er det kjempeflott på Ågotnes

Over 400 personar frå Ågotnes skule, Skålevik skule og bedrifter var i full sving på torsdag og samla tonnevis med boss i heile Ågotnes området.
- Samarbeidet med skulen har vore framifrå, seier ein oppglødd Jim Lennert Kvamme i Coast Center Base AS.

Opp mot 350 elevar deltok på ryddeaksjonen 8. mai.  - Klikk for stort bileteOpp mot 350 elevar deltok på ryddeaksjonen 8. mai.

Alle vil ha det reint og fint til 17. mai. 80 personar frå bedrifter rydda inne på baseområdet, og opp mot 350 elevar plukka boss i resten av Ågotnes-området den 8. mai. På Ågotnes er det ekstra mange elevar denne tida ettersom tre klassar frå Skålevik har undervisninga der.

- Eg har fann ein stor papplate i tillegg til plastposar, snus og røyk, seier Michelle Covarrubias (7b).

Ho meiner det er viktig å ta vare på miljøet.

- Det er dårleg for miljøet og dyra at det er så mykje boss i naturen. Det er gøy å vera med på dette. Det er godt at eg får bruka hanskar, seier ho.

Samarbeid

Avdelingsleiar på Ågotnes skule Borghild Marie Fjell er svært glad for at CCB og næringslivet elles stilte opp på dette. Equinor, Franzefoss og FMS har sponsa vestar. Det heile vart avslutta med grilling på basen. I tillegg stilte FAU med saft og bollar og CCB med is i etterkant av ryddinga.  

Elevar - Klikk for stort bileteKlare for ryddeaksjon

Dette året var det lærarane på 6.trinn som hadde hovudansvaret for arrangementet.  

- Franzefoss sponsa konteinar, hanskar og posar, og responsen frå næringslivet har vore fantastisk. Det vart eit svært vellukka arrangement, og det var veldig kjekt at Skålevikelevane også var med. Vi samarbeider med det lokale næringslivet på Ågotnes, vi har fått vestar frå Technip FMC, Equinor og Franzefoss. Franzefoss bidrog i tillegg med container, sperreband, hanskar og posar, seier ho.  

Gruppe personar - Klikk for stort bileteNærare 80 personar rydda inne på baseområdet.

Jim Lennert Kvamme i CCB er begeistra når vi spør han om korleis dette gjekk. Han opplevde samarbeidet med skulen som svært godt.

- Vi fekk spørsmål frå skulen om ryddinga, og vi ville gjerne vera med på «Saman ryddar vi Ågotnes». Vår lokale komité ved Hanne Misje Lokøy, Pål Stian Samuelsson og eg følgde opp og samarbeidde tett med Maiken Lønøy og Susanne Sæle Landro på Skulen. No ser det kjempeflott ut på Ågotnes, seier han.

Inne på baseområdet har nærare 80 personar rydda omkring i eit areal på 700 mål. Samarbeidspartnarar har vore Coast Center Base AS, CCB Energy Holding AS og Fabtech. Andre sponsorar er Kiwi Ågotnes Torg, Rema 1000 Ågotnes, Westkran Crane & Service, Bunnpris Ågotnes og Europris Ågotnes. 

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Gruppe personar - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: CCB og Vigleik Brekke