Nattarbeid ved Storavatnet

Det  vert nattarbeid ved Storavatnet frå måndag 16. november til torsdag 19. november mellom klokka 21.00 og 05.30.

Skisse Sotra Link

Arbeidet er nødvendig for å klargjera området for ei mellombels rundkøyring og tilkopling til eksisterande riksveg 555. Dette er ein viktig del av førebuinga til den nye løysinga for omkøyring og trafikkomlegginga som skal gjennomførast seinare i vinter.

Arbeidet omfatter utgraving av eksisterande masser, skjering i betongrekkverk og tilbakefylling av av dei ramma områda. Dette legg til rette for neste fase av anleggsarbeidet.

Det vert skilta omkøyring til og frå Sotra og Askøy via Godviksvingene.

Les meir på nettsida til Sotra Link.