Nasjonal lesepris til Læringsverkstedet Valen barnehage

Ordførar Tom Georg Indrevik hadde fredag 17. april med seg gratulasjonar og kake til Læringsverkstedet Valen. Barnehagen fekk under Lesekonferansen som Lesesenteret ved Universitet i Stavanger arrangerer kvart år, tildelt Nasjonal lesepris 2026 for grundig og målretta arbeid med høgtlesing, litteratur og godt samarbeid med føresette. 

Frå venstre; Tina Ø. Holmelid, Tom Georg Indrevik, Nina Hjorth og Anne Sætersdal. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tina Ø. Holmelid, Tom Georg Indrevik, Nina Hjorth og Anne Sætersdal.

Styrar, Anne Sætersdal, fortel at det heile starta for fleire år sidan då barnehagen jobba konkret og konstruktivt i samarbeid med Språkkommunen Øygarden med ressurspakken Språkløyper. Det dei lærte der, har dei brukt vidare i nye prosjekt, fortel Sætersdal. 

Tom Georg Indrevik gratulerte Læringsverkstedet Valen. Barnehagen hadde førebudd teaterframsyninga «Gullhår og dei tre bjørnane» og omvising i barnehagen der ordføraren fekk sjå korleis bøkene vart brukte som sansing, oppleving, inspirasjon og læring. 

- Det er gledeleg å sjå det gode arbeidet som blir gjort i Læringsverkstedet Valen. Barn som er glade i litteratur, har godt grunnlag for å bli gode lesarar. Gratulerer og lykke til med arbeidet vidare! sa ordføraren.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Ranveig Bungum