Namnet på den nye brua til Øygarden vert Sotrabrua
Statens vegvesen har avgjort at hovudbrua på Sotrasambandet skal ha namnet Sotrabrua. Noverande bru mellom Bergen og Øygarden vert omdøypt til Gamle Sotrabrua.
Skisse ny bru: Rambøll/Statens vegvesen
Avgjerda om namnet på hovudbrua og sju andre namn knytt til Sotrasambandet er teken etter ein høyringsrunde våren 2025. Øygarden kommune og Språkrådet skreiv i sine høyringsuttalar at brua burde få namnet Øygardsbrua ettersom denne brua går til Øygarden kommune og at Sotrabrua er upresist fordi det berre omfattar den største øya i øygruppa.
Statens vegvesen grunngjev avgjerda med at det ikkje er praksis å gje bruer namn etter kommunenamn, men etter geografiske stadnamn som øyar og viser til Askøybrua og Osterøybrua som døme på dette.
Statens vegvesen har teke omsyn til uttalen frå Øygarden kommune når det gjeld namn på ny tunnel mellom Arefjordpollen og Valakrysset. Statens vegvesen føreslo opphavleg å kalla tunnelen for Knarrvikatunnelen. Her peika kommunen på at ingen delar av tunnelen ligg på Knarrvika, men fullt ut på garden Arefjord. Difor vert dette namnet endra til Arefjordtunnelen slik kommunen har føreslått.
Tabellen nedanfor viser endeleg vedtak etter høyringsrunde:

Tekst: Vigleik Brekke
Publisert 04.12.2025 14.09