Motivert til å gå på jobb

Thea Danielsen var ein av lærlingane som var på plass på Yrkesmessa i regi av Sotra Rotary Klubb tysdag kveld. 
- Eg vil absolutt rå ungdomar til å bli lærling, seier ho.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen var på plass saman med lærlingar og avdelingsleiar og andre tilsette. Frå venstre; Berit Gurine Algrøy (fagleg leiar), Caroline Iversen Skoge (helsefag), Mari Greni Askeland (helsefag), Britt Kålås (fagleg leiar), Thea Danielsen (barne- og ungdomsarbeidarfag, Benjamin Toft (IT.driftsfag), Linda eli Haugstad (konstituert avdelingsleiar for lærlingordninga og varaordførar Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bileteVaraordførar Anita Garlid Johannessen var på plass saman med lærlingar og avdelingsleiar og andre tilsette. Frå venstre; Berit Gurine Algrøy (fagleg leiar), Caroline Iversen Skoge (helsefag), Mari Greni Askeland (helsefag), Britt Kålås (fagleg leiar), Thea Danielsen (barne- og ungdomsarbeidarfag, Benjamin Toft (IT-driftsfag), Linda eli Haugstad (avdelingsleiar for lærlingordninga) og varaordførar Anita Garlid Johannessen.

Det var tett med folk i Sotra Arena. Alle 10. klassingane i Øygarden var inviterte til Yrkesmessa. På desse messene er det gjerne rundt tusen personar som er innom.

Thea er lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget og er for tida i praksis på Brattholmen skule.

- Eg trivst svært godt og er motivert til å gå på jobb. Ingen dag er lik, og det skjer noko nytt kvar dag, seier ho.

Ho har hatt to år på vidaregåande skule, og er no i gang med det første av to praksisår. Ho brukar mykje av tida si i klasserommet.

- Eg hjelper lærarane og fungerer som ein ekstra ressurs fagleg og bidreg også til at elevane sit i ro. Med dette får eg jobberfaring. Skulle eg endra meining, kan eg ta påbygg etterpå, seier Thea Danielsen.

Thea Danielsen - Klikk for stort bileteThea Danielsen

Avdelingsleiar lærlingordninga, Linda Eli Haugstad, seier at for tida har Øygarden 82 lærlingar.

- I dag vart det gjort avtale om inntak av tre nye lærlingar. Målet er 100 lærlingar, seier Haugstad.

Øygarden kommune har lærlingar innan barne- og ungdomsleiarfaget, brannførebyggjarfaget, byggdriftarfaget, ernæringskokkfaget, helsefaget, IT-driftsfaget og service- og administrasjonsfaget. 

Øygarden kommune var representert på Yrkesmessa ved varaordførar Anita Garlid Johannessen. I tillegg til Linda Eli Haugstad, var Øygarden kommune representert ved Berit Gurine Algrøy og Britt Kålås.

Utmerking til Robin Dale Oen

Litt etter klokka 19 denne tysdagskvelden var det ei heilt spesiell markering på Yrkesmessa. Sotra Rotary Klubb nytta høvet til å dela ut utmerkinga Paul Harris Fellow til Robin Dale Oen som står i spissen for Dale Oen Experience.

Prisen vert gjeven i takksemd for betydeleg bistand som fremjar betre forståing og venskap mellom menneske. Prisen vert gjeven både til rotarianarar og personar som ikkje er medlem av organisasjonen. Bror til Robin, Alexander Dale Oen, internasjonal toppsvømmar og som døde i 2012, har også fått denne utmerkinga.

Robin Dale Oen saman med elevar på Dale Oen Academi. Til venstre for Robin står varaordførar Anita Garlid Johannessen og visepresident i Sotra Rotary Klubb, Astrid Aag. - Klikk for stort bileteRobin Dale Oen saman med elevar på Dale Oen Academi. Til venstre for Robin står varaordførar Anita Garlid Johannessen og visepresident i Sotra Rotary Klubb, Astrid Aag.

Det var visepresident Astrid Aag som stod for overrekkinga 

- Dette er ei utmerking til personar som har gjort usjølvisk samfunnsinnsats. Vi sendte over lenkje til nettsida til Dale Oen Experience, og The Rotary Foundation of Rotary International vart begeistra og avgjorde at Robin Dale Oen skulle få denne utmerkinga. Dale Oen Experience gir ikkje karakterer, men byggjer karakterer, understrekar Aag.

Robin Dale Oen var svært takksam og stolt over å få denne utmerkinga.

- Eg er utruleg stolt over å få prisen. Dette er ei anerkjenning for stiftinga. Skal ungdomane lukkast, må også vi lukkast, seier han.

Dale Oen Experience driv akademi (The Dale Oen Academi) bade i Oslo, Ålesund og Øygarden. Robin er sjølv oppteken av at dette er ei anerkjenning han vil dela med alle dei tilsette og ungdomane.

- Vi må vera rause for at ungdomane skal lukkast. Det må vera lov å gjera feil. Vi ler ikkje av kvarandre når vil feilar. Vi kallar det gjerne feiltastisk, seier Robin Dale Oen.

For tida er det Anja Rose Strohmaier om er president for Sotra Rotary Klubb. Denne kvelden var ho forhindra i å delta på Yrkesmessa.

Her er fleire bilete frå Yrkesmessa:

Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete
Frå Yrkesmessa 2025 - Klikk for stort bilete

 

Tekst og bilete: Vigleik Brekke