Frå venstre; Silje Ulveseth, Børge Haugetun og Noah Amundsen SellevoldDette sa leiar i AUF Vestland, Noah Amundsen Sellevold, under 22. juli-markeringa ved minnestøtta ved Stranda skule tysdag føremiddag. Øygarden kommune var representert ved leiar i plan- og miljøutvalet Børge Haugetun som heldt appell og la ned blomekrans. Kommunestyremedlem og styremedlem i Øygarden Arbeidarparti, Silje Ulveseth, la ned krans under markeringa.
Vel 20 personar møtte opp på markeringa ved Stranda skule.
Det var den 22. juli 2011 at regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya vart utsette for to store terrorangrep. 77 personar mista livet i angrepa. 69 av dei drepne deltok på sommarleiren på Utøya.
Ein av dei som mista livet var Monica Iselin Didriksen frå tidlegare Sund.
Målretta terrorangrep
Noah Amundsen Sellevold sa at det ikkje var ein tilfeldig tragedie, men eit målretta høgreekstremt terrorangrep retta mot AUF og Arbeidarpartiet.
- Det var eit angrep mot solidaritet, mot fellesskap, mot demokratiet. Ungdom vart skotne fordi dei drøymde om ei meir rettferdig verd, fordi dei trudde på ei framtid bygd på likeverd og håp, sa han.
Noah Amundsen SellevoldHan viste til at i Øygarden mista vi ein av våre eigne. Monica Iselin Didriksen kom aldri heim frå Utøya.
- Ho var 18 år gamal og stod opp i kampen mot rasisme og framandhat. Monica vart skildra som ei jente som utstrålte stor livsglede. Ho var ei som brydde seg, som stod opp for andre og som ville forandra verda. Monica vart riven bort altfor tidleg, men draumen ho bar på lever vidare i oss, sa Noah Amundsen Sellevold under markeringa.
Her kan du lesa heile talen til Noah Amundsen Sellevold. (PDF, 75 kB)
Børge Haugetun sa at det som skjedde den 22. juli for 14 år sidan var eit angrep på regjeringa, Arbeidarpartiet og AUF.
- Det var også eit angrep på vårt felles demokratiske samfunn og grunnpilarar som inkludering og ytringsfridom. Eit væpna angrep som dette var eit angrep på oss alle, sa han.
Minnestøtta ved Stranda skuleHaugetun var oppteken av at vi må ta avstand frå hatefulle ytringar og ekstremisme. Han viste også til at Monica Iselin Didriksen hadde eit varmt engasjement for andre og jobba for eit fleirkulturelt samfunn og imot mobbing. Ho fann desse verdiane i AUF og hadde vore deltakar på sommarleiren til AUF i fleire år.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Linda Merkesdal