Markert auke i talet på førehandsrøyster

Då vallokala var stengde fredag ettermiddag, var det registrert 14 710 førehandsrøyster i Øygarden. Dette er vesentleg fleire enn ved stortings- og sametingsvalet i 2021.

vallokala på Sartor Storsenter - Klikk for stort bileteFrå vallokala på Sartor Storsenter

I 2021 var det 13 055 veljarar som røysta på førehand. Det utgjorde 44,9 prosent av dei røysteføre. 

14 710 førehandsrøyster ved dette valet svarar til 51,1 prosent av dei røysteføre. I tillegg vil kommunen få tilsendt førehandsrøyster frå andre kommunar frå dei siste dagane som vil auka forskjellen på oppslutnaden frå valet i 2021 til 2025.

Valansvarleg Beate Hetlevik seier at det har vore god tilstrøyming til vallokala sidan førehandsrøystinga starta 11. august.

- Det har vore travelt for valmedarbeidarane, ikkje minst dei siste dagane. Vi håpar på god valoppslutnad i Øygarden , seier ho.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke