Mange innspel til planprogram

Då fristen gjekk ut 7. desember, hadde det kome inn 56 digitale innspel og 90 innspel og fråsegn til postmottak til planprogrammet  til arealdelen til kommuneplanen. På tre opne møte om planprogrammet i november møtte det opp om lag 150 personar.

Arkivfoto. Frå møtet om planprogrammet til arealdelen til kommuneplanen på innbyggartorget og biblioteket på Straume 11. november. - Klikk for stort bileteArkivfoto. Frå møtet om planprogrammet til arealdelen til kommuneplanen på innbyggartorget og biblioteket på Straume 11. november.

På møtet i kommuneplanutvalet på onsdag vart det orientert frå møte med Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune den 13. november. Øygarden kommune opplevde at det var god dialog og dynamikk i møtet og at dei regionale aktørane var nysgjerrige og stilte mange spørsmål. 

Administrasjonen presenterte ei oppsummering av innspela til planprogram med strategiar. Her går det fram at mange innspel handlar om arealbruk og at strategiane vil hindra utviklinga dei ønskjer. Nokre ser på kunnskapsgrunnlaget som plankart. Til dømes vert regionale friluftsområde tolka som arealbruk. Andre er skeptiske til kunnskapsgrunnlaget og strategiane. 

Nokre av innspela handla om at det ikkje var lagt godt nok til rette for tidleg medverknad, at det ikkje har vore god nok informasjon. Men mange gjev positive tilbakemeldingar om at kunnskapsgrunnlaget er godt, og at prosessen er open.

Fleire av dei som tok ordet på møtet i kommuneplanutvalet på onsdag gav ros til jobben administrasjonen har gjort. Nestleiar Beate Bjelland var glad for at mange har gjeve innspel. Ho oppsummerte det slik.

- Ingen av oss ønskjer å byggja ned naturen. Samstundes er det ein balansegang opp mot utvikling og vekst. Som utvalsleiaren (Svein Otto Jacobsen) vil eg seia at alle skal verta høyrde, men ikkje alle kan få viljen sin. Vi skal jobba for å få den beste kommunearealplanen vi kan få. Vi har eit mål om å ivareta dei store interessene på best mogleg måte, sa nestleiaren. 

Kommuneplanutvalet gjev innstilling til planprogram den 14. januar. Etter at planprogrammet er vedteke av kommunestyret den 22. januar, vert det opna for arealinnspel.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument. Møtebok er klar om kort tid.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke