Arkivfoto. Frå premieutdeling på Toftøy skule i 2025.Skulesjef Rune Golf rosar elevane for innsatsen.
MatteMaraton er den største mattekonkurransen i Noreg for 1. - 10. trinn! Konkurransen set matteglede, meistring og samarbeid i fokus. Elevane hjelper kvarandre i mål med både matematikkoppgåver og fysisk aktivitet. Alle kan fullføra på sitt nivå, i sitt tempo, saman som eit lag.
Også dette året var det Toftøy skule som gjekk av med sigeren, følgd av Spildepollen skule og Rong skule på andre- og tredjeplass.
Skulesjef Rune Golf gratulerer alle som har delteke i Mattemaraton.
- Det er godt å kjenna på at den oppveksande slekta har blitt litt smartare og litt sprekare like før inngangen til sommarferien. Vi gratulerer spesielt Toftøy skule som nok ein gong vann konkurransen. Dermed blir vandrepokalen frå Nansen-stiftinga der vidare eitt år til. Det vankar is til alle på skulen på eit avtalt tidspunkt før elevane tek sommarferie, lovar skulesjefen.
Skulesjefen seier at også elevane på Spildepollen og Rong skal få ei merksemd etter den strålande innsatsen.
Elevane på Toftøy skule gjennomførte 324 823 oppgåver. Spildepollen-elevane gjorde 258 859 oppgåver, medan elevane på Rong skule fullførte 233 394 oppgåver. Desse tre skulane ligg også på topplista i Noreg. Det kan sjå ut som om Toftøy har flest fullførte maraton pr. elev i heile landet.
Tommy Nordby i Kikora brukar sterke ord når han skal skildra innsatsen frå elevane i Øygarden.
- Det er rett og slett matte i verdsklasse! Tusen takk for innsatsen, energien, reknegleda og stå-på-viljen de har vist gjennom heile MatteMaraton. De er med på å gjera dette til eit ekte matteeventyr. Det er ikkje berre bra. Det er rekordbra! seier Nordby.
Han meiner at no fortener elevane i Øygarden ein fantastisk, solfylt og velfortent sommarferie.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat