Livssynsnøytralt seremonirom

I Øygarden kommune er Rong kulturhus peika ut som livsnøytralt seremonirom. Der kan både småsalen og storsalen nyttast, eventuelt begge samstundes. Lokalet kan bestillast gjennom «Aktiv kommune». Der finn du bilete og all informasjon om dei ulike romma i lokalet.

Kva er eit livssynsnøytralt seremonirom? 

Eit livssynsnøytralt seremonirom er ein stad der menneske frå ulike trus- og livssynssamfunn, samt dei utan nokon tilknyting til eit trus- eller livssynssamfunn, kan gjennomføra seremoniar som namnefest, dåp, konfirmasjon, vigsel eller gravferd. Rommet er utforma slik at det ikkje har nokon religiøse symbol eller dekorasjonar, og kan tilpassast etter behov.

Kven kan bruka seremonirommet?

Seremonirommet er tilgjengeleg for alle som ønskjer å gjennomføra ein seremoni utan religiøst innhald. Dette inkluderer både private personar og organisasjonar.

Korleis reservera rommet?

Du kan reservera rommet/sjekka kva tid det er ledig, på nettsida: Rong kulturhus - Aktivivest Øygarden kommune. Alle kommunale lokale som er til utleige, kan bestillast gjennom Aktiv kommune.

Kostnader og tidsramme

Prisar for leige av rom i Rong kulturhus finn du i punkt 11.3 i gebyrreglementet. Sjå overskrifta «Kulturhus».

Plassering

Seremonirommet ligg i Rong kulturhus, Rongøyvegen 270, Rong, og er utstyrt med fasilitetar for å sikra ei verdig og respektfull gjennomføring av seremonien.

Stad

Rong kulturhus, Rongøyvegen 270, 5337 Rong