Sølvi Kobbeltvedt (Sp) til venstre ville også ha med i tilrådinga at kommunen skal halda fast på noverande ordninga med desentraliseert kjøken. Ernst Einarsen (H) til høgre meinte at det spørsmålet kan ein ta stilling til seinare. I midten; Geir Knarvik Fjeldstad (Ap).Utvalet var samla til møte på tysdag.
Fleirtalet var samansett av Sotralista-TVØ, Frp, Ap, Sp og INP. Mindretalet (Høgre og KrF) røysta for å avgrensa tilrådinga til at det vert etablert storkjøken i den nye sjukeheimen.
Utvalet slutta seg samrøystes til eit tilleggspunkt fremja av leiar Ernst Einarsen (H) der det heiter at det er eit aukande behov for å få levert porsjonar med varm mat heim til brukarane våre. Eit slikt tilbod vil sikra god kvalitet med omsyn til ernæring, og høgst truleg betre trivsel og livskvalitet for dei som nyttar seg av det. Eit nytt storkjøkken må ha kapasitet til slik leveranse til heimebuande eldre og personar med funksjonsnedsetjing.
Saka vert avgjort av kommunestyret.
Gruppemøte opposisjonspartia; Sp, INP og Ap.Vil vidareføra noverande ordning med barnehageopptak
Levekårsutvalet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å vidareføra dagens ordning med eitt hovudopptak, med løpande opptak ved ledige plassar i kommunale barnehagar resten av året. Kommunedirektøren vart beden om å halda fram med å utvikla oversikta på heimesida til kommunen, slik at ho viser tilgjengelege barnehageplassar.
Etter ein pause vart det fremja eit fellesforslag som vart tilrådd samrøystes. Der vert det bedt om at modellen nemnd i saka som "Sentral pott" vert oppdatert fram mot behandling i kommunestyret. Utvalet ber om at ein skisserer korleis dette kan løysast for tre konkrete barnehagar, og kva kostnader som vil vera knytt til ei slik løysing.
«Sentral pott» inneber eit fleksibelt opptak der ein set av ein sentral budsjettpost som barnehageeigar kan fordela ut til auka bemanning når ein ser at dette vert nødvendig for å kunna tilby barnehageplass.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Gruppemøte posisjonen; Høgre, Sotralista-TVØ og KrF.Internasjonalt samarbeid i barnehage og skule
Levekårsutvalet tok saka om internasjonalt samarbeid gjennom Erasmus+ innan oppvekst til orientering.
Levekårsutvalet slutta seg til den vidare satsinga på Erasmus+ som verkemiddel for kompetanseheving og kvalitetsutvikling i barnehage, skule og vaksenopplæring, i tråd med gjeldande akkreditering og innanfor gjeldande økonomiske rammer.
Etter framlegg frå Kristin Børve Jacobsen (Frp) vart det vedteke eit tilleggspunkt der det vert bedt om å få lagt fram ei årleg orientering, eksempelvis i juni, med fokus på kva effekt og utbytte det internasjonale arbeidet har hatt for barnehagar og skular.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet (kommune-TV).
Tekst og bilete: Vigleik Brekke