Les med meg: Bokposebibliotek opna i Spildepollen kystbarnehage

Det var stor leseglede og god stemning då Spildepollen barnehage opna det nye bokposebiblioteket «Les med meg» den 8. september. Rundt 50 barn og vaksne var samla til ei felles stund med bøker, høgtlesing, song, musikk og dramatisering.

Frå opninga av bokposebiblioteket 8. september. - Klikk for stort bileteFrå opninga av bokposebiblioteket 8. september.

Styrar Evelyn Spilde fortalde om bokposebiblioteket og viste fram dei nye bokposane og bøkene som familiane no kan låna gjennom barnehagen. Deretter las bibliotekar Trine Torsvik frå boka Rasmus og Trym fiskar krabbe. Barna følgde spent med og kom ivrig med svar og innspel undervegs.

Markeringa baud på meir enn høgtlesing. Tonane frå ei ukulele fylte rommet før Klatremus dukka opp. To tilsette, Elona Laurinaviciene og Nina Støkkan-Glesnes, dramatiserte historia om Klatremus og reven med song og musikk. Det skapte både spenning, latter og stort engasjement blant barna. 

Styrar Evelyn Spilde stiller spørsmål til barna. - Klikk for stort bilete

Bøkene skal bli med heim

«Les med meg» er eit prosjekt frå Øygarden innbyggartorg og bibliotek og også ein del av Språkkommunen i Øygarden kommune. Bokposebiblioteket består av tøyposar med tre bøker i kvar pose. Familiane kan enkelt låna bøkene med seg heim frå barnehagen.

26 av 30 barnehagar søkte om å få bokposebibliotek. Læringsverkstedet Valen, Norlandia Naustvika barnehage og Spildepollen kystbarnehage vart trekte ut til ordninga. I Spildepollen får dei eldste barna tilgang til bokposane på dei tre avdelingane sine. Målet er å gjera bøker og høgtlesing meir tilgjengeleg for småbarnsfamiliar og skapa gode leseopplevingar for barn og foreldre.

To leiarar med ukulule - Klikk for stort bilete

Eit miljø for bøker og leseglede

Spildepollen kystbarnehage har språk som satsingsområde og har i fleire år arbeidd aktivt med bøker og lesing. Barnehagen kjøper inn gode barnebøker og arrangerer kvart år «Leselyst», ein månad med ekstra merksemd på litteratur og høgtlesing. Då får barna også låna bøker med seg heim.

I år har Hakkebakkeskogen vore tema, med utgangspunkt i interessene til barna. Med det nye bokposebiblioteket får barnehagen endå ein måte å la lesegleda følgja barna frå barnehagen og heim til familiane.

 

Tekst og foto: Kjersti Sundal, fagavdeling barnehage PPR.