Colourbox
Det låg føre framlegg til driftsbudsjett frå fleirtalskoalisjonen (Høgre, Frp, Venstre, KrF, Sotralista-TVØ og Pensjonistpartiet) og Raudt. Forslaga vart ikkje realitetsbehandla i møtet, men rekna som innspel til saka og følgjer ho fram til endeleg behandling i kommunestyret.
Her kan du lesa framlegget frå fleirtalspartia. (PDF, 110 kB) Her er forslaget frå Raudt. (PDF, 114 kB)
I forhold til innstillinga frå kommunedirektøren har fleirtalskoalisjonen styrkt ei rekkje postar innan Oppvekst. Døme på dette er å behalda opningstida i barnehagane og ferie-SFO. Det er også langt inn ekstra midlar til fysiske lærebøker. Det er også lagt inn midlar for å oppretthalda opningstida på innbyggartorga og biblioteka. Påplussingane på totalt 12,9 millionar kroner vert finansiert med auka utbyte frå Eviny (fem millionar kroner), auka skatteanslag (2,9 millionar kroner) og ved å redusera disposisjonskontoen til formannskapet med fem millionar kroner.
Raudt har i sitt framlegg auka driftsramma med 25,4 millionar kroner. Det er mellom anna lagt inn auka grunnbemanning i Helse og velferd (8,5 millionar kroner) og auka grunnbemanning i Oppvekst (5,5 millionar kroner). Dette vert i hovudsak finansiert med reduksjon i avsetjing av midlar til formannskapet, redusert kjøp av private tenester, reduksjon i overføring til kyrkjeleg fellesråd og redusert avsetjing til disposisjonsfond.
Økonomirapport: Positiv utvikling, men utfordringar framover
Formannskapet tilrår å ta kvartalsrapporten for tredje kvartal til etterretning.
Ved utgangen av september er status eit netto driftsresultat som er 20,9 millionar kroner betre enn periodisert budsjett så langt i år. Kommunalsjefområda har eit samla mindreforbruk på 16,5 millionar kroner per september 2026.
Det er budsjettert med eit netto driftsresultat på 60 millionar kroner i 2026. Prognosen ligg per no 1,5 millionar kroner høgare enn dette.
Kommunedirektøren skriv i saka at det likevel er utfordringar framover som må handterast i budsjettet neste år og handlings- og økonomiplan.
- Dei komande åra står vi framfor viktige vegval. Fleire eldre vil ha behov for helse- og omsorgstenester, medan mange barn og unge treng støtte, oppfølging og tilrettelagde tenester frå kommunen. Desse utfordringane må løysast innan rammene, skriv kommunedirektøren.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Andre saker
- Finansrapport
Formannskapet tilrår å ta finansrapport per 30. september til orientering slik han ligg
føre. Kommunestyret avgjer saka.
- Budsjett for Øygarden bustadforvaltning KF 2027
Formannskapet tilrår budsjettet som balanserer med ei inntekts- og utgiftsramme på 71,7 millionar kroner og har eit netto mindreforbruk med om lag 100 tusen kroner. Investeringsramma er 30 millionar kroner. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
- Lønsauke for kommunedirektøren
Formannskapet vedtok lønsauke for kommunedirektøren på fire prosent. Dette samsvarar med det generelle tillegget for leiarar i kapittel tre i kommunen.
Arealdelen til kommuneplanen
Det var også orienteringssak om arealdelen til kommuneplanen. Formannskapet har overteke arbeidet med denne planen etter vedtak i kommunestyret 5. november.
Tekst: Vigleik Brekke