Unni Sørensen i Øygarden kommune (til venstre) og Elsabeth Vethe (TechnipFMC) gler seg over at Basecamp stiller opp med syklar som kan kjøpast.Målet med Byt gir er å inspirera folk til å byta ut bilen med sykkel eller el-sykkel. Det er ganske mange som er i «grenselandet» til å ta eit slikt byte, og ein dag som denne kan vera det som skal til for at det skjer noko….
Elisabeth Vethe er leiar i Green Team på TechnipFMC og har ansvar for det som har med miljø og berekraft å gjera.
- Jo, det er ein del av dei tilsette som syklar, men det hjelper godt med ein påminningsdag som denne. Sykkelen står i garasjen og ladaren er sett på. Eg skal inn til Basecamp for å ordna støtta til sykkelen. Her er det fulle parkeringsplassar, og meir bruk av sykkel hjelper godt, seier ho.
På markeringane på dei to bedriftene på Ågotnes stilte Miljøløftet opp med ei attraktiv utlodding der alle kunne vera med i trekninga av to el-syklar. Ifølgje Sturla Kverneng i Miljøløftet har det vore topp interesse for konkurransen her ute.
Basecamp var på plass for å tilby sykkelservice i tillegg til at dei hadde med seg syklar for både barn og vaksne som kunne kjøpast og testast. Begge bedriftene får låna kvar sin el-sykkel frå Øygarden kommune i fem veker framover.
Dei fleste vedgår at det vert sykla for lite. Bilete er frå markeringa på CCB Subsea.For mange brukar bil
Rune Lindgren, som bur på Brattholmen, prøvde seg i lotteriet sjølv om han allereie har el-sykkel i garasjen.
- Eg har hatt el-sykkel i tre år. Det er genialt å bruka el-sykkel, men det er litt langt å sykla dagleg til jobb (15 kilometer kvar veg). Eg har sykla til jobb eit par gonger i året. Det er litt for mange her på jobb som brukar bil til og frå jobb, seier han.
Han kan ikkje klaga på gang- og sykkelvegen mellom Brattholmen og Ågotnes. Det har blitt betre dei seinare åra.
- I Straume-området er det litt varierande kvalitet. Gang- og sykkelvegen i dette området kan brått ta slutt, seier han.
PÅ CCB Subsea møter vi Anne Mette Lone og Hanne Kolltveit som har hatt ansvar for å «kalla inn» dei tilsette til storhendinga i resepsjonsområdet denne dagen. Og etter kvart dukkar dei opp, eín etter eín.
Sivert Strøm er lærling og har fire kilometer mellom heimen og jobben.
- Eg har ikkje sykkel, og eg køyrer til jobb.
- Kva skal til for å gå over til sykkel?
- Dersom eg vinn ein el-sykkel på dette lotteriet, lovar eg å sykla minst to gonger i veka i sommarhalvåret, seier Sivert som opplevde det som kjekt å sykla i barndomen.
Hanne Kolltveit, som bur på Angeltveit, seier at ho gjerne skulle ha sykla meir, men det er krevjande ettersom ho må bringa og henta barn i barnehage og skule kvar dag.
- Eg syklar ein del elles. Vi vert meir medvitne med slike dagar som dette, seier ho.
Basecamp stiller alltid opp når det er noko som må fiksast på sykkelen.Øygarden kommune var på plass med Christoph Beidenhauser og Unni Sørensen. Dei kom i prat med mange tilsette i dei to bedriftene.
- Det var mange som kunna tenkja seg å sykla litt meir, både i arbeidstida og på fritida. Eg håpar at tilsette prøver ut (kommune)syklane. Det er ein fin stad å begynna, seier Unni Sørensen.
Ho meiner at el-sykkel er ein super måte å koma seg raskt fram og tilbake på. Ein slepp å tenkja på parkeringsplass og ein får litt trening.
- Om det berre er av og til, så er litt betre enn ingenting. Dette har vore ein kjempefin dag, det er så kjekt å vera ute og treffa folk på denne måten! seier ho.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke