Klar for jubileumsgudsteneste. Frå venstre; Espen Tveten, Bjørn Sæle, June Vibecke Indrevik, Jakob Henrik Hellesund, Tom Georg Indrevik og Jan Tommy Fosse.Hjelme gamle kyrkje er 150 år, og det har vore jubileumsarrangement i ei heil veke. 800 personar har vore innom arrangementa frå 31. august til 7. september.
På den store jubileumsdagen 7. september starta det heile med at presten Espen Tveten vart rodd til lands like ved kyrkja slik det vart gjort for 150 år sidan då presten vart rodd heilt frå Manger. Så langt vart det ikkje rodd denne dagen. Lensmann Bjørn Sæle tok i mot soknepresten og håpte det hadde vore ei fin reise over fjorden.
- Det gjekk bra. Eg kunne stå oppreist i vinden på eín fot, og då var det trygt å ta ut, kunne presten stadfesta.
Rokarane syter for at presten kjem trygt til lands.Innhaldet er det viktigaste
I helsinga siterte ordførar Tom Georg Indrevik frå speidarsongen (han hadde overnatta saman med 20 speidarar på Tyssøyna natt til sundag).
På en gammel veg med så mange spor mot det fjerne land hvor vår lengsel bor. Mot den fjerne kyst der det tause savn i mitt eget bryst finner fredens havn.
- Det viktigaste er kva vi fyller bygget med. Kyrkja står for noko konstant. Vi skal få ta med dei små minne vi har og vera takksame. Eg vil takka for det gode samarbeidet vi har hatt, sa ordføraren.
Lensmannen tek imot presten.Frå kommunen var det også helsing frå kultursjef Marian Guddal Hansen. Ho sa at ho vart grepen av den flotte kyrkja og staden då ho kom hit den første gongen.
- Sidan kyrkja stod ferdig i 1875 var ho eit samlingspunkt for tru, håp og fellesskap. I over 150 år har kyrkja vore vitne til dei store hendingane, dåp, konfirmasjon, vigslar og gravferder, og ikkje minst sundagsgudstenester og høgtider som har samla generasjonar undre same tak, sa kultursjefen og takka alle som bygde og bar fram kyrkja gjennom tidene og tok vare på henne.
Prost Jan Tommy Fosse, som også var på plass då presten kom til lands nede i vika, ønskte velkomen til jubileumsgudsteneste.
- Kyrkja har betydd mykje for dykk i 150 år her i Øygarden i feststunder og tunge stunder. Denne kyrkja har fått romma heile livet frå vogge til grav. Kyrkja er eit vitne om han vi trur på. Takk til jubileumskomitéen og for at de tek så godt vare på kyrkja! sa prosten som også helste frå biskopen.
Hjelme gamle kyrkje er bygd i nygotisk stil.Sokneprest Espen Tveten entra talarstolen høgt over forsamlinga, noko han knapt har gjort før i denne kyrkja.
- Eg kunne nok ikkje vore prest her ettersom kravet var at presten skulle vera ein «uforferdet» mann på sjøen, sa Tveten og siterte frå vigslingspreika til prost Hveding i 1875.
Ordførar Tom Georg Indrevik gratulerte med jubileet.Tveten sa at denne kyrkja vart reist med stor innsats frå bygdefolket. På sjølve vigslingsdagen var ikkje kyrkja fullført. Ho var mellom anna utan kledning. Han minna om at den kristne arven vår er viktig, men bodskapen er det viktigaste.
- Kristus sigra over døden etter døden på krossen. Kristus lever og alle som foreinar seg med han skal få leva i æva. Tru på meg og du har evig liv. Trua må overleverast frå generasjon til generasjon. Difor treng trua eit rom, sa Espen Tveten og retta ei stor takk til alle som har bidrege til dette store jubileet.
Sokneprest Espen Tveten på talarstolenHistorikaren
Egil Sæle har ført i pennen historia til Hjelme gamle kyrkje i jubileumsheftet. Her kan du lesa meir om det han skriv.
- Dette området var ein utkant i Manger prestegjeld. Politikarar som etter kvart vart valde inn i kommunestyringa herifrå hadde mange plikter i Manger, men det skjedde ikkje så mykje her ute, sa han.
Egil SæleProst Jakob Hveding støtta fiskarbøndene her om at dei måtte få eiga kyrkje.
- Men dei visste at dei ikkje fekk noko hjelp frå Manger kommune. Tømmeret vart tilverka her på plassen. Eg har ikkje oppdaga nokon som klaga over alt det dei måtte bidra med i bygginga av kyrkja. Det gjekk 40 år før dei fekk første juledagsgudsteneste i denne kyrkja. I 1916 vart kyrkja overført til Herdla prestegjeld. Då vart det ei ny tid, sa han.
Egil Sæle fortalde ei sterk historie frå nyttårsaftan 1942 der tre menn omkom. Dei vart funne nokre dagar seinare.
- Presten gjekk frå heim til heim og tala over båra. Dei vart gravlagde i same grav, fortalde Sæle.
Kyrkja var fullsett under jubileumsgudstenestaHelsingar
Det var mange helsingar på denne jubileumsdagen. Sølvi Litleskare Leine fortalde om tippoldefaren sin John Johnsen Tveiten som var ansvarleg for å byggja kyrkja som har ein nygotisk stil. Kyrkja vart måla i ein gulfarge.
Erling Vik helsa på vegner av Hjelme og Blomvåg sokn.
- Det viktigaste er kva bygget vert fylt med. Eg vert slått av altertavla som viser Jesus som seier; - kom til meg alle. Ingen er utelatne, sa han.
Denne gongen var det både salt og søtt til kyrkjekaffienKyrkjeverje Annlaug Børve sa at det gjer inntrykk kva slit som ligg bak reisinga av denne kyrkja. Ho takka for all dugnad som er gjennomført.
- Vi ønskjer at dette skal vera ein stad som bygdefolket kan bruka. Vi arbeider med å få på plass varmepumper. Vi ønskjer at kyrkja skal få nytt liv framover. Uansett kven som skal eiga kyrkja i framtida, skal ho bli teken vare på, sa ho.
Det var også helsingar frå dei tidlegare prestane Svenn Martinsen og Svein Morland og intervju av kyrkjelydspedagog Hogne Berland. Prestane takka for den tenesta dei fekk stå i her ute. Berland snakka om arbeidet blant barn og unge som han opplever gjevande. Rundt 60 prosent av barna i soknet deltek på leiarar i regi av kyrkja.
Jakob Henrik Hellesund har vore leiar av jubileumsnemnda. Han takka alle som har bidrege til jubileumsfeiringa.
- Eg er mållaus. Vår leiestjerne har vore «Heim i samtid». Det var sterkt å stå ved grava til dei tre som omkom i 1942 saman med nokre elevar frå skulen denne veka. Då dei høyrde om historia, tok dei godt tak rundt meg, sa han.
Det var folksamt under kyrkjekaffienHan takka for økonomisk støtte til arbeidet.
- Vi har fått finansiert arrangementa i jubileumsveka og do. No står det att å få på plass varmepumper, sa Jakob Henrik Hellesund som takka alle frivillige, blant anna organist Øystein Steinsland som har hatt det ekstra travelt den siste tida.
Fjell kyrkjebrass gav jubileumsgudstenesta ei flott musikalsk ramme. Dirigent er Olav Sørheim. Tekstlesarar var Dagny Anthonsen og Eloise Hellesund. Kyrkjekaffien var gjennomført av Nærmiljøet for Bakken krins med fleire. Mange hadde baka kake til kyrkjekaffien. Blom Fiskeoppdrett og Trigger AS var også bidragsytarar.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke