- Kundane etterspør dette

Tysdag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til Info Skilt AS på Straume.
- Vi har lagt ned mykje jobb med dette, seier dagleg leiar Lill Eggum.

Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte plaketten til dagleg leiar Lill Eggum - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik overrekte plaketten til dagleg leiar Lill Eggum

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Noverande styreleiar Terje Haugland starta opp åleine i lokale hjå Coast Center Base på Ågotnes i 1987. Haugland har følgd firmaet heilt fram til i dag. Info Skilt AS flytta til Valen industriområde i 1990. I 2023 flytta firmaet inn i nye lokale i Trollhaugmyra på Straume.

Info Skilt AS er ei familiebedrift med sju tilsette. Omsetnaden det siste året var på om lag 12 millionar kroner.

- Vi har gått med pluss kvart år. Firmaet har mange lokale kundar, men også ein del utanfor kommunen i bergensområdet. Vi opplever at det er gode utsikter for våre produkt, seier Lill Eggum.

Lill Eggum opplyser at Info Skilt AS har hatt god rådgjevar i arbeidet med å verta sertifisert som Miljøfyrtårn. 

- Vi har avtale med Norsk Gjenvinning, og sortering av kapp og avfall er eit viktig tiltak. Alle bilane våre er også elektriske. Vi opplever at kundane etterspør miljøfyrtårnsertifisering, seier den daglege leiaren.

Her er eitt av produkta Info Skilt hadde laga til denne dagen. - Klikk for stort bileteHer er eitt av produkta Info Skilt hadde laga til denne dagen.

Stig Eggum, som er tilsett i selskapet, seier at dei har lært mykje med sortering i prosessen med å verta Miljøfyrtårn.

Ordførar Tom Georg Indrevik opplever at dette har ein smitteeffekt.

- Med auka fokus på dette, er det fleire bedrifter som vil sertifisera seg, seier han.


Tekst og foto:  Vigleik Brekke