Krev reforhandling om byvektsavtale straks

Bodskapen frå Bergen og nabokommunane var tydeleg på møtet i politisk styringsgruppe i Miljøløftet i Øygarden på tysdag.
- Miljøløftet har vore ein suksess, men ny byvekstavtale må reforhandlast samstundes med dei andre byregionane, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Frå venstre; statssekretær i Samferdsledepartementet Jakob Vorren, statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet Martin Østtveit-Moe og ordførar i Øygarden Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; statssekretær i Samferdsledepartementet Jakob Vorren, statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet Martin Østtveit-Moe og ordførar i Øygarden Tom Georg Indrevik.

Og akkurat dette synspunktet stod han saman med dei andre kommunane som er ein del av byvekstavtalen i bergensområdet. 

Noverande avtale, som går ut i 2029, er eit samarbeid mellom Samferdsledepartementet (med Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet), Kommunal- og distriktsdepartementet, Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Alver, Bjørnafjorden og Øygarden.

For perioden fram til 2029 har Øygarden fått og vil få totalt 440 millionar kroner til kollektivtilbod og utbyggingstiltak som bidreg til nullvekstmålet for personbiltrafikk. Samferdsledepartementet vil venta med å starta reforhandlingane i bergensområdet til bybaneutbygginga i Bergen er meir avklart.

Frå møtet i den polititske styringsgruppa på tysdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i den polititske styringsgruppa på tysdag.

Utolmodige kommunar

Men politikarane frå kommunane lokalt og fylkeskommunen er svært utolmodige. Fleire ordførarar gjekk på talarstolen og sa at det er altfor seint å starta reforhandlingar så seint som i 2029.

Tom Georg Indrevik sa at konfliktnivået var høgare før byvekstavtalen vart signert i 2019 enn no.

- Dersom reforhandlingane vert hengt på bybanen, vil vi koma tilbake til eit høgare konfliktnivå. Kva vil skje med finansieringa av pågåande prosjekt i overgangen frå eksisterande til ein ny avtale? Forhandlingane her i vårt område må skje samstundes med dei andre byregionane, sa ordføraren.

Fylkesordførar Jon Askeland - Klikk for stort bileteFylkesordførar Jon Askeland

Også frå Bergen, Alver, Askøy og Vestland fylkeskommunen var tonen den same. Reforhandlinga om ny byvekstavtale kan ikkje venta.

- Det er uforståeleg at den mest vellukka byvekstavtalen skal reforhandlast til slutt. Vi reagerer på at de ikkje vil gjera dei beste betre, sa fylkesordførar Jon Askeland og viste til at bergensområdet har hatt sterkaste veksten i kollektivtrafikken. 

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Jakob Vorren (Ap) var samd i at byvekstavtalane har vore ein suksess og at ein har fått til utruleg mykje. 

- Bakgrunnen for at departementet har valt å venta med reforhandlingane av ny avtale er at det er ein del føresetnader knytt til bybanen som må på plass. Vi har ikkje sagt at reforhandlingane skal starta i 2029. Vi vil starta så raskt som føresetnadene er på plass. Vi tek med oss tilbakemeldingane frå dykk om uvissa knytt til pågåande prosjekt, sa Jakob Vorren.

Her kan du sjå opptak frå møtet (kommune-TV).

Her er informasjon om Miljøløftet.


Tekst og bilete: Vigleik Brekke