Korleis ivareta eiga helse?
Den norske befolkninga blir stadig fleire og eldre. Ein reknar at tal på 67-åringar i Noreg fram mot 2060 vil doblast og tal på 80-åringar vil tredoblast. Satsingar og tiltak som bidreg til at eldre held seg friske og klarar seg sjølv lengre blir derfor svært viktig. I slutten av november vart det arrangert seniormesse på Sartor Storsenter.
Linn Jeanette Waagbø (til venstre) og Janicke Hatland Engebretsen i friskliv og meistring inviterte til seniormesse på Sartor Storsenter.I Øygarden kommune ønskjer vi å leggja til rette for at ein kan bu heime så lenge som mogleg. Det er naudsynt at eldre får god forståing om korleis ein kan planleggja og ta grep for ei friskare aldring gjennom betre levevanar, som til dømes auka fysisk og sosial aktivitet og betre kosthald.
Målet med seniormessa var å fremja sunn aldring og korleis ein kan ivareta eiga helse. På messa kunne ein mellom anna møta aktørar som har tilbod og kunnskap om korleis ein kan koma i betre form etter skade og sjukdom, korleis få praktisk hjelp i eller utanfor heimen og informasjon om andre tilbod der ein kan møta eldre eller likesinna.

Messa blei arrangert av friskliv og meistring i samarbeid med førebyggjande heimebesøk. Andre aktørar var ergo- og fysioterapiavdelinga, Aktiv+, Småoppdrag+ og Øygarden brann og redning. Besøkande kunne og møta demensteam, kreftkoordinator, velferdsteknologi samt representantar for KOLS-treninga og «Aktiv mot kreft» frå MOVA.
Dette var et flott tiltak kor ein fekk vist fram eit godt og variert tilbod for den eldre befolkninga i Øygarden kommune.
Her er fleire bilete:
Tekst: Janicke Hatland Engebretsen, spesialkonsulent/spesialfysioterapeut, friskliv og meistring
Foto: friskliv og meistering
Publisert 02.12.2025 13.26