Kontrollutvalet set samfunnstryggleik på dagsorden

Kontrollutvalet bestilte på møte sitt 13. mars ein prosjektplan for ei undersøking om samfunnstryggleiken og beredskapen i Øygarden. Bakgrunnen er ikkje minst den vanskelege tryggingspolitiske situasjonen internasjonalt, og måten dette påverkar også Noreg – og Øygarden.

Kontrollutvalet, arkivfoto - Klikk for stort bileteKontrollutvalet, arkivfoto Vigleik Brekke

Det er aktuelt å mellom anna sjå nærare på cyberberedskap, terrorberedskap, atomberedskap og planar og øving.

-Samfunnstryggleik og beredskap eit svært omfangsrikt område, og det er viktig at vi får sett nærare på det som er særskilt viktig og relevant for Øygarden når vi fyrst skal i gang med ei undersøking. Difor vil kontrollutvalet vurdera nærare kva som skal vera det konkrete temaet for undersøkinga før ho vert sett i gang, opplyser leiar i kontrollutvalet, Stian Oen.

Vurderingar av plan- og byggesaker

Kontrollutvalet bad også om at det vert gjennomført ei nærare vurdering/undersøking av om retningslinjer og praksis i plan- og byggesaker i kommunen i tilstrekkeleg grad sikrar uhilda politisk behandling av plan- og byggesaker.

Stian Oen understrekar at det er for å få stadfesta at retningslinjene til kommunen og praksis sikrar ei uhilda behandling at kontrollutvalet ynskjer vurderinga gjennomført.

Situasjonen i barnevernet

På møtet fekk Kontrollutvalet også ei grundig orientering om barnevernet. Bakgrunnen er at Statsforvaltaren i Vestland har avdekt omfattande svikt i barneverntenesta si oppfølging av barn i eín familie. Behandlinga av saka vart lukka for ålmenta på grunn av personvernomsyn.